Biogass – nå skjer det noko i Rogaland

Rogaland har i forhold til mengd husdyrgjødsel, fosforproblematikk og eksisterande infrastruktur for gass unike føresetnader for biogassproduksjon. Nyleg fekk forprosjektet «Biogass/biorestproduksjon som bærekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren» støtte frå Regionalt Forskingsfond Vest. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2018

Prosjektet kan bli eit viktig steg mot etableringa av fleire biogassanlegg på Jæren, og samstundes gi viktig kunnskap for etablering i andre regionar.

Eigarane av prosjektet er kommunane Hå, Time og Klepp som til saman har om lag 10 prosent av husdyrhaldet i landet. Hå kommune er formell søkjar og prosjektansvarleg. Forskinga blir leia av forskarar frå Norwegian Research Centre AS i nært samarbeid med ei prosjektgruppa beståande av kommunane, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Rogaland bondelag og næringa representert ved Jæren Biogass.

Hovudmålet med prosjektet er å vurdere logistikken for biogassproduksjon og alternativ bruk av biogass og biorest, med tre delmål:

  • Evaluere dagens gjødselsituasjon og identifisere variablar for input til Vestfold-modellen
  • Analysere ulike scenario for gjødselhandtering vha. tilpassa modell for Rogaland
  • Utvikle verdikjeder for biogass-/biorestproduksjon på Jæren

Østlandsforskning vil sjå på gjødselhandtering, og separering av husdyrgjødsla til tørr og våt del ligg som ein føresetnad i prosjektet. Kva er då mest hensiktsmessig når det gjeld storleik og lokalisering av anlegg? Vi ønsker forslag til desentraliserte noder, plassert ut frå gjødselvolum, kapasitet og lokasjon.

Jæren er eit heilt spesielt område, med omfattande husdyrhald konsentrert i eit relativt lite geografisk område. Her vil ikkje transportavstandar vere like avgjerande som i andre område.

Vi ønsker at forprosjektet bidreg til satsing på biogass i husdyrfylket Rogaland, uansett kva resultatet av nytt regelverk knyta til husdyrgjødsel blir.

Rapport om satsing på biogass utarbeida for Rogaland fylkeskommune er eit nyttig faktagrunnlag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar