Webinar om demensomsorg på gard
- Dato:
- 25. april 2023 09:00 - 11:00
- Stad:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette og folkevalde i kommunen, IPT tilbydere
- Påmeldingsfrist:
- 23. april 2023 23:59
Få innblikk i korleis aktivitetstilbod på gard kan sjå ut!
Å levere gode tilbod innan demensomsorg er ei viktig oppgåve for kommunane og fleire kommunar tar no i bruk andre løysingar som eit supplement til kommunen sine dagaktivitetstilbod.
I webinaret vil vi blant anna få innblikk i korleis eit dagaktivitetstilbod på gard kan organisererast og viktige suksessfaktorar for å skape eit godt og meiningsfullt tilbod i nært samarbeid med kommune.
På Lillehov har dei hatt dagaktivitetstilbod for personar med demens sidan 2004 og i dag tar garden i mot deltakarar frå tre kommunar gjennom interkommunalt samarbeid. Statsforvaltaren i Rogaland vil informere om reforma "Leve hele livet" og overgang til ny satsing "Bo trygt heime".
IPT Norge SA vil orientere om eit samarbeidsprosjekt i Agder og Rogaland kor demensomsorg vil bli vektlagt for å stimulere til og legge forhold til rette for at fleire kommunar til å ta i bruk demensomsorg på gard.
Program
Velkommen og innleiing ved Åse Hodne Hørsdal, Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga |
|
Reform Leve hele livet og overgang til ny satsing: Bo trygt heime. |
|
Inn på tunet som arena for menneske med demens på IPT garden Lillehov. |
|
Time kommunes perspektiv på samarbeid om dagaktivitetstilbod på gard. Bakgrunn for oppstart av demensomsorg på gard, hittil erfaringar, kostnad og nytte. |
|
Orientering om prosjektsatsing og utvikling av IPT- tilbod for personar med demens i Norge ved Hege Lindstrøm og Ellen Ødegaard, dagleg leiar og regionansvarleg i IPT Norge SA |
Deltakinga er gratis! Påmelding innan 23.april. Du vil få tilsendt ei lenke til webinaret dagen før. Sjekk også søppelpost viss du ikkje har fått lenka.
- Dato:
- 25. april 2023 09:00 - 11:00
- Stad:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette og folkevalde i kommunen, IPT tilbydere
- Påmeldingsfrist:
- 23. april 2023 23:59