Informasjonsmøte om tilskotsordningane
- Dato:
- 4. november 2022 12:00 - 13:15
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland
- Påmeldingsfrist:
- 2. november 2022 23:00
Statsforvalteren inviterer til digitalt informasjonsmøte om tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling i barnehagar, skolar og PPT. Møtet er den 4. november 2022 kl 12.00 - 13.15
Publisert 18.10.2022
På møtet vil vi informere om
- Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage
- Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole.
- Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Vi informerer spesielt om retningslinjene og kva tilskot kan brukast til, samarbeid og partnarskap i ordningane, ordninga i Rogaland og korleis barnehage- og skoleeigarar kan melde behov for tilskot.
Målgruppe for samlinga
Alle som vil vite meir om tilskotsordningane i barnehagar og skolar kan delta. Vi ønsker spesielt velkommen desse målgruppene:
- eigarar av offentlege og private barnehagar og skolar
- styrarar/daglege leiarar og rektorar
- barnehagemynde
- representantar for PPT
- andre aktørar i «Laget rundt barnet», f.eks. helsesjukepleiarar, barnevern, BUP mfl.
- universitet, høgskuler og nasjonale kunnskapssenter
- arbeidstakarorganisasjonar
- arbeidsgivarorganisasjonar
- interesseorganisasjonar
- Dato:
- 4. november 2022 12:00 - 13:15
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland
- Påmeldingsfrist:
- 2. november 2022 23:00