Fagdag på Bryne om flisbasert bioenergi til oppvarming av veksthus
- Dato:
- 24. mai 2022 09:45 - 14:00
- Stad:
- Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
- Arrangør:
- Skogselskapet i Rogaland, Norsk gartnerforbund, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Gartnerar, vekshusnæringa og andre med interesse for flisbasert bioenergi til oppvarming av veksthus
Bli med på fagdag på Bryne den 24. mai om bruk av flisbasert bioenergi til oppvarming i veksthus. Du får ei innføring i anlegg tilpassa veksthus og erfaringar med investering og bruk av flisbasert varmeanlegg.
Skogbasert bioenergi er ein fornybar energikjelde som kan vere ein del av løysinga for varmeproduksjonen i veksthus. Bioenergi bidreg til klimaomstilling, berekraftig matproduksjon og lokal verdiskaping.
Under fagdagen får du ei innføring i bioenergianlegg i veksthus og høyre erfaringar med bruk av flistbasert anlegg i praksis. Me kjem også innom bruk økonomiske støtteordningar, og Norsk gartnerforbund gir oss eit kort overblikk over eneregisituasjonen.
- Påmelding: påmelding innan 23. mai i skjemaet under. Påmeldinga er bindande.
- Transport: deltakarane organiserer eigen transport til Aase gartneri.
Fagdagen er arrangert av Skogselskapet i Rogaland, Norsk gartnerforbund, Statsforvaltaren i Rogaland og CH4, med støtte frå Rogaland fylkeskommune og i samarbeid med Innovasjon Norge og Rogaland bondelag.
Program
09.45 |
Drøs og kaffi |
|
10.00 |
Velkommen |
Kjell-Terje Skrunes, Skogselskapet i Rogaland |
10.05 |
Landbruket – ein del av klimaløysinga |
Marit Epletveit, styreleiar Rogaland Bondelag |
10.15 |
Eit kort blikk på energisituasjonen |
Martin Knoop, Norsk gartnerforbund |
10.30 |
Støtteordningar for fornybar energi i landbruket |
Innovasjon Norge Rogaland |
10.45 |
Pause med kaffi og noko å bite i |
|
11.00 |
Gardsvarmeanlegg i praksis Me får ei innføring i anleggstypar, praktiske løysingar, råstoff, varmenett, investering og økonomi. |
Karl Ludvig Ådland, CH4 |
12.00 |
Varm lunsj |
|
12.45 |
Avreise for omvising i Aase gartneri Hallstein Aase, Aase Gartneri, produserar agurk på fornybar energi. Produksjonen er oppvarma med fyring av flis og brikettar. I tillegg blir LED-vekstlys brukt. Hallstein produserer ca. 850 tonn på 16 mål veksthus. |
Åsevegen 160, 4343 Orre Deltakarane organiserer transport sjølv. Me oppmodar om samkøyring om mogleg. |
14.00 |
Avslutning |
|
Med forbehold om endringar i programmet.
- Dato:
- 24. mai 2022 09:45 - 14:00
- Stad:
- Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
- Arrangør:
- Skogselskapet i Rogaland, Norsk gartnerforbund, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Gartnerar, vekshusnæringa og andre med interesse for flisbasert bioenergi til oppvarming av veksthus