Fagdag på Bryne om bioenergi for varmeproduksjon i jordbruket
- Dato:
- 11. november 2021 09:45 - 15:00
- Stad:
- Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
- Arrangør:
- Skogselskapet i Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Bønder i jordbruket med behov for oppvarming av landbruksbygg eller veksthus

Landbruket er ei næring som både brukar og kan produsere energi. Bli med på fagdag på Bryne den 11. november om bruk av bioenergi til oppvarming i landbruksbygg og veksthus.
Skogbasert bioenergi er ein fornybar energikjelde som kan vere løysinga for varmeproduksjon i mange fjøs og veksthus. Bioenergi i jordbruket bidreg til klimaomstilling, berekraftig matproduksjon og lokal verdiskaping.
Under denne fagdagen får ei innføring i gardsvarmeanlegg og sjå eit anlegg i praksis. Me kjem også innom bruk økonomiske støtteordningar, bruk av tre i bygg og biokol.
- Deltakaravgift: 150 kr. Avgifta blir fakturert i etterkant per epost
- Transport: deltakaran organiserer eigen transport til gardsbesøket
- Påmelding: påmelding innan 3. november i skjemaet under. Påmeldinga er bindande.
Fagdagen blir arrangert av Skogselskapet i Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland og CH4 med støtte frå Rogaland fylkeskommune og i samarbeid med Innovasjon Norge, Rogaland bondelag, NLR Rogaland og Norsk gartnerforbund.
Program
09.45 |
Drøs og kaffi |
|
10.00 |
Velkommen |
Kjell-Terje Skrunes, Skogselskapet i Rogaland |
10.05 |
Landbruket – ein del av klimaløysinga |
Marit Epletveit, styreleiar Rogaland Bondelag |
10.15 |
Gardsvarmeanlegg i praksis Me får ei innføring i anleggstypar, praktiske løysingar, råstoff, varmenett, investering og økonomi. |
Karl Ludvig Ådland, CH4 |
11.00 |
Varm lunsj |
|
11.30 |
Gardsvarmeanlegg i praksis fortsett. Me får også høyre om produksjon av biokol på gardsnivå |
Karl Ludvig Ådland, CH4 |
12.30 |
Støtteordningar for fornybar energi i landbruket |
Aart-Dirk van Zanten Magnussen, Innovasjon Norge Rogaland |
12.45 |
Tre som konstruksjonsmateriale i landbruksbygg |
Daniel Andreas Breivik, NLR Rogaland |
13.00 |
Avreise for omvising i flisfyringsanlegg. Jo Pollestad er kyllingprodusent med flisfyringsanlegg for oppvarming i driftsbygg. Han har også solceller og varmepumpe. Naturgass fungerer som reserveløysing. |
Pollestadvegen 80, 4365 Nærbø Deltakarane organiserer transport sjølv. Me oppmodar om samkøyring om det er mogleg. |
15.00 |
Avslutning |
|
- Dato:
- 11. november 2021 09:45 - 15:00
- Stad:
- Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
- Arrangør:
- Skogselskapet i Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Bønder i jordbruket med behov for oppvarming av landbruksbygg eller veksthus