Bonde, bygg i tre!
- Dato:
- 23. mai 2024 09:30 - 16:00
- Stad:
- Nesheimstunet, Saudavegen 7194, 5578 Nedre Vats
- Arrangør:
- Rogaland Skognæringsforum i samarbeid med Rogaland Bondelag og Statsforvalteren
- Målgruppe:
- Bønder
- Påmeldingsfrist:
- 16. mai 2024 23:00
Klimavenlege og moderne landbruksbygg i tre blir tema når Rogaland Bondelag og leiar Ståle Hustoft opnar fagdag om landbruksbygg i tre i Nedre Vats Vindafjord. Her blir det blant anna faglege innlegg frå ulike leverandørar og synfaring av trefjøs for mjølkeproduksjon.
Fagdagen er meint å inspirere fleire bønder til å ta klimavenlege val når dei investerer i landbruksbygg. For å nå klimamåla så kan du som bonde bidra til å lagre CO2 i eigne landbruksbygg, og redusere CO2-utsleppa ved bruk av tre med lågt CO2-fotavtrykk samanlikna med andre byggjematerialar. Trebygg har i tillegg positive effektar for trivsel og inneklima gjennom naturleg regulering av fukt, temperatur og lyddemping.
Arrangør er Rogaland Skognæringsforum i samarbeid med Rogaland Bondelag og Statsforvaltaren i Rogaland. Fagdagen er open for alle interesserte.
I forkant av fagdagen er det ope årsmøte i Rogaland Skognæringsforum med eiga påmelding
Program torsdag 23.mai:
09.30 Kaffi med noko attåt
10.00 Ope årsmøte i Rogaland skognæringsforum.
Fagdag/seminar:
11.30. Opning v/Olaf Gjedrem, Rogaland skognæringsforum og Ståle Hustoft, Rogaland Bondelag.
11.50 Frå skog til matrialar v/Olav Teigen, Teigen Gard & Sag.
12.10 Reglar for tilskot og lån ved investering i landbruksbygg v/Aart Magnusson, Innovasjon Norge.
12.30 Lunsj
13.15 Fordelar med tre som byggjematriale, synspunkt frå ein treskalle v/Birger Førre, FØRRE Vindu
13.35 Prosjektering og leveranse i samarbeid med kunden v/ Vegard Lode, BRI Landbruksbygg
13.55 Eksempel frå oppsette bygg, erfaringar, leveransar og prisar v/Mikal Nordbø, Riska Sagbruk
14.15 Seminar slutt, transport til synfaring i eigne bilar.
Synfaring:
14.45 Synfaring i trefjøs for mjølkeproduksjon, Jørn Laurits Strand, Haukeligvegen 526.
16.00 Vel heim
Arrangementet, inklusiv lunsj er gratis, men av omsyn til servering treng me påmelding. Du melder deg på her.
Kurs og konferanser | Statsforvalteren i Rogaland
Påmeldingsfrist er torsdag 16.5.2023!
- Dato:
- 23. mai 2024 09:30 - 16:00
- Stad:
- Nesheimstunet, Saudavegen 7194, 5578 Nedre Vats
- Arrangør:
- Rogaland Skognæringsforum i samarbeid med Rogaland Bondelag og Statsforvalteren
- Målgruppe:
- Bønder
- Påmeldingsfrist:
- 16. mai 2024 23:00