Samordningsmøte om kompetanseutvikling for vaksenopplæringa

Dato:
22. mars 2023 10:00 - 15:00
Stad:
Radisson Blu Atlantic Hotel, Stavanger
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland
Målgruppe:
Ansvarleg for vaksenopplæringa på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, og ansvarlege på einingane som tilbyr vaksenopplæring

Statsforvalteren innviterer til møte om kompetanseutvikling i vaksenopplæringa, onsdag 22. mars 2023

Publisert 15.02.2023

Målgruppe for samlinga

Invitasjonen er retta mot ansvarleg for vaksenopplæringa på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, og ansvarlege på einingane som tilbyr vaksenopplæring.

Innhald på samlinga

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) administrerer ei ordning for kompetanseutvikling for lærarar og leiarar i vaksenopplæringa.

Modellen for tildeling av middel i ordninga har som intensjon å legge til rette for desentralisert kompetanseutvikling. Statsforvaltaren skal legge til rette for god struktur i arbeidet med kompetanseutvikling for vaksenopplæringa.

På møtet vil Statsforvaltaren klargjere kriteria for tildeling 2023, samt avklare korleis tildelinga skal skje. Vidare vil det bli presentert nokre døme på tiltak frå enkeltkommunar, og bli lagt til rette for erfaringsdeling mellom kommunane.  

Kriterier for tildeling

Tildelinga av kompetansemiddel for denne ordninga gjeld lærarar og leiarar som arbeider med: 

  • opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
  • grunnskuleopplæring for vaksne inkludert modulforsøka, og vidaregåande opplæring for vaksne

Deltaking i ordninga forutset at kommunen har ein opplæringsstad for vaksenopplæring.

Påmelding innan 10. mars 2023

Påmelding skjer via denne lenka 

Dato:
22. mars 2023 10:00 - 15:00
Stad:
Radisson Blu Atlantic Hotel, Stavanger
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland
Målgruppe:
Ansvarleg for vaksenopplæringa på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, og ansvarlege på einingane som tilbyr vaksenopplæring