Markvandring i småskala grønsaksproduksjon

Dato:
7. juni 2022 10:00 - 8. juni 2022 14:00
Stad:
Karmøy, Sveio, Randaberg, Sandnes
Arrangør:
Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Målgruppe:
Bønder
Her frå ein tidlegare markvandring på Randaberg. Foto: Annabell Pfluger

Det er lagt opp til dialog og erfaringsutvekslingar kring ugraskamp og dyrkingsteknikk i grønsakskulturar ute på markvandringane.

Publisert 01.06.2022

Tid og stad

  • Karmøy 7. juni kl. 10:00 hjå Anne-Tove og Edvar Kalstø, Søre Ådlandsv. 17.
  • Sveio 7. juni kl. 14:00 hjå Sveio andelslandbruk, Arne Valen, Vågavegen 124.
  • Randaberg 8. juni kl. 10.00 (ikkje 12:30 som først annonsert) hjå Solbakken Andelsgard, Bodil Raustein, Raustein 15.
  • Sandnes 8. juni kl. 12.30 (ikkje 10:00 som først annonsert) hjå Sandnes andelslandbruk, Torill Østraat, Vatneliveien. 33.

Thomas Holz blir med på markvandringane. Han har lang erfaring som rådgivar i økologisk grønsaksproduksjon i Norge og Tyskland. Til dagleg jobbar han som rådgivar i NLR Øst, og har elles oppdrag i heile landet. Thomas har praktisk tilnærming til stoffet, kjenner økologiregelverket godt og leverer nyttig dyrkingskunnskap for både nybegynnarar og erfarne dyrkarar.

Det er ikkje påmelding. Markvandringane er gratis for medlem i NLR. Prisen for ikkje-medlemar i NLR er kr 200,-. Alle interesserte produsentar er vel møtt. Du kan vere med ein eller fleire stader.

Er du interessert i kurs?
Norsk Landbruksrådgiving Rogaland holdar av kurs i marknadshagedyrking
på Jæren 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022.

Dato:
7. juni 2022 10:00 - 8. juni 2022 14:00
Stad:
Karmøy, Sveio, Randaberg, Sandnes
Arrangør:
Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Målgruppe:
Bønder