Berekraftveka: Slik kan kommunane i Rogaland stille klimakrav i offentlege innkjøp
- Dato:
- 27. oktober 2021 12:30 - 14:00
- Stad:
- Webinar på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Klimapartnere Rogaland og Grønn by
- Målgruppe:
- Lokalpolitikarar, kommunedirektørar, innkjøpsansvarlege i kommunen og sjølvsagt andre som er interesserte i temaet
Årleg kjøper kommune, fylke og stat inn varer og tenester for om lag 600 milliardar kroner. Innkjøpa utgjer heile 16 prosent av Noregs totale klimafotavtrykk. Vi utfordrar kommunane til å bruke sin grøne supermuskel til å stille klimakrav i offentlege innkjøp, og ønskjer dei velkomen til webinar 27. oktober. Her ser vi på lokale eksempel og lærer meir om kvifor og korleis.
Webinaret er retta mot lokalpolitikarar, kommunedirektørar, innkjøpsansvarlege i kommunen og sjølvsagt andre som er interesserte i temaet. Bak arrangementet står Klimapartnere Rogaland, Grønn by og Statsforvaltaren i Rogaland.
Program kl 12.30–14.00
Møteleiar er Geir Skadberg som for tida fungerer som assisterande statsforvaltar. På programmet står:
12.30 Velkomen ved statsforvaltar Lone Merethe Solheim
12.35 Klimafloka i offentlege innkjøp
På oppdrag frå Klimapartnere Rogaland og i samarbeid med DFØ undersøkte studentar flaskehalsane med grøne offentlege innkjøp. Regionleiar i Klimapartnere Rogaland, Anne Marie Lofthus, presenterer funna i rapporten.
12.45 Slik kan kommunane sette klimakrav i offentlege innkjøp
For kommunane er klima- og miljøkrav spesielt relevant for transport, bygg, anlegg og eigedom (BAE), mat og måltidstenester, plastprodukt, møbler m.m. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) rettleiar og hjelper kommunane med konkrete verktøy og råd. Vi høyrer frå Christian Tangene i DFØ.
13.05 Innovasjon i kjølvatnet av offentlege innkjøp
Stig Bang-Andersen jobber med Nasjonalt program for leverandørutvikling, LUP. Han gir oss ei kort innføring i kva dei gjer, og korleis dei kan hjelpe stat og kommune til å vere ein pådrivar for innovasjon gjennom offentlege innkjøp.
13.15 Erfaringar med grøne innkjøp i kommune-Noreg
På Haugalandet samarbeider kommunane om "Klimasats" for å stille miljøkrav i sine innkjøp. Vi høyrer frå primus motor Anja Kjellesvik-Kristiansen som jobber i innkjøpsavdelinga i Karmøy kommune.
I Agder samarbeider kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornes, Iveland, Vennesla, Åseral og Birkenes om å systematisere arbeidet med å sette klimakrav i sine anskaffingar. Prosjektleiar for "Klimavennlige anskaffelser på Indre Agder" Roy Akselsen gir oss eit innblikk i satsinga.
Tid til spørsmål, synspunkt og kommentarar
Påmelding
Webinaret er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut registreringsskjema på deltager.no. innan 25. oktober. Dagen før sender vi ut link til Teamsmøtet.
Velkomen!
- Dato:
- 27. oktober 2021 12:30 - 14:00
- Stad:
- Webinar på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Klimapartnere Rogaland og Grønn by
- Målgruppe:
- Lokalpolitikarar, kommunedirektørar, innkjøpsansvarlege i kommunen og sjølvsagt andre som er interesserte i temaet
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66