Om å nytte heile potensialet på garden

Dato:
11. mars 2021 12:00 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Bønder, tilsette i kommunen, næringshagar, næringssjefar, rådgjevarar, og andre interesserte
Mangesyslar Anita Øvregård
Anita Øvregård fortel om syslane på garden. Foto: Bjørn Steinar Berg Foto: Bjørn Berg.

I dette webinaret skal me snakke om kva som er mogleg å få til. Kanskje du får inspirasjon om å sjå din gard frå eit anna perspektiv, kanskje det blir den litle «dytten» du treng for å setje i gang?

Publisert 15.02.2021

"Kva er mogleg, går det an å lage ein arbeidsplass til på garden, har eg ein gründer i meg?", er fleire som spør seg sjølv. Velkommen til eit webinar som kan hjelpe deg et steg vidare i prosessen.

Webinar på Teams torsdag 11.mars kl 12-13:30

Program

  • «Business på garden" ved landbruksdirektør Geir Skadberg
  • Mangesysleri på Øvregård ved Anita Øvregård

Anita driv gard på Imsland i Vindafjord og har mange jern i elden. Ved sida av mjølkeproduksjonen, har ho tilbod for personar med demens, bakar flatbrød og har no klekka ut fleire idear.

 

Påmelding innan 09.mars 2021 i skjemaet under. Du kjem til å få ein e-post i forkant av møtet med lenke til webinaret. Påmelding er no stengt. Ta kontakt med kontaktpersonen om du har spørsmål knytt til påmelding. 

Tips: Du kan følgje møtet på båe datamaskin eller smartphone og treng ikkje å ha installert Teams.

 

Dato:
11. mars 2021 12:00 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Bønder, tilsette i kommunen, næringshagar, næringssjefar, rådgjevarar, og andre interesserte