Svekkar interkommunalt samarbeid lokaldemokratiet?

Det andre møtet i den regionale ressursgruppa for kommunereforma blei arrangert 20. mai. Oppgåvmeldinga, det regionale nivået og interkommunale selskap var blant temaa denne gongen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.05.2015

IRIS-direktør Einar Leknes orienterte om forsking som er gjort på interkommunalt samarbeid. Det samla inntrykket er at slikt samarbeid gir både muligheiter og utfordringar til kommunane. Men Leknes meiner det ikkje er grunnlag for å hevda at det bidrar til svekking av kommunane.

Fokus på oppgåvemeldinga

Det blei gitt ei orientering om status i kommunane, og oppgåvemeldinga, Kommunereformen - nye oppgaver til større kommuner (meld. St. 14 (2014-2015), blei eit sentralt tema. 

Møtet blei leia av avdelingsdirektør Lone Merethe Solheim og hadde følgjande saksliste:

  • Informasjon frå fylkesmannen om status i reformarbeidet pr. mai.
  • Informasjon om oppgåvemeldinga.
  • Storbyregionane sine særlege utfordringar.
  • Kva med det regionale nivået?
  • Fører interkommunalt samarbeid til svekking av lokaldemokratiet?
  • Open post.

Informasjon om status for reformarbeidet i Rogaland får fram av Fylkesmannen si nettside, der finn du også ei kartløysing med informasjon om kvar enkelt kommune.

Høyringsuttale frå storbykommunane og KS til oppgåvemeldinga var tema i møtet.

Ny prosessamling blir den 28. oktober 2015. Demokrati, næringsliv og identitet er aktuelle tema for den samlinga. Det kjem meir informasjon program, målgruppe og stad etter kvart.

Referat frå møtet, høyringsuttalar og presentasjonar som blei brukte i møtet, finn du i høgremargen.

Mandat

Ressursgruppa er sett saman av representantar frå Fylkesmannen i Rogaland, KS Rogaland, Rogaland fylkeskommune, NHO Rogaland, LO Rogaland, Distriktssenteret, IRIS og kommunar. Gruppa skal bidra med informasjonsutveksling og faglege råd og støtte til Fylkesmannen og KS i arbeidet med kommunereforma. Fylkesmannen leiar gruppa og har sekretariatfunksjonen. Ressursgruppa er ei rådgjevande gruppe som ikkje gjer bindande vedtak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.