Rapport: Vurder det regionale og kommunale nivået samla

Rogaland som ein del av eit storfylke på Vestlandet? Det er eitt av alternativa Møreforsking presenterer i ein ny rapport. Forskingsinstituttet kjem med eit klart råd om å ikkje halde på 19 fylke som i dag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.11.2014

Møreforsking har på bestilling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) laga rapporten med vurderingar av moglege modellar for det regionale, folkevalte nivået i Noreg.  Strukturen på regionalt og kommunalt nivå må vurderast saman, tilrår forskarane.

Vestlandsfylke?

Måndag 17. november leverte Møreforsking rapporten til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. I rapporten blir det vurdert ulike måtar å organisere fylkeskommunen på. Det er omtalt fleire modellar for ny regional struktur, og i ein av modellane er Rogaland tenkt som ein del av ein samla vestlandsregion. Det blir ikkje tilrådd å helde på 19 fylke som i dag.

Stortingsmelding i 2015

Våren 2015 skal det leggjast fram ei melding til Stortinget om oppgåvene på kommunalt og regionalt nivå. Denne rapporten er eit viktig bidrag i dette arbeidet, meiner departementet.

Les meir om rapporten her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

Kommunereforma

Regjeringa ønskjer å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar. Målet er eit lokaldemokrati som kan sikra velferd, verdiskaping og trivsel.

Kommunane må ha kraft til å møte utfordringane som ventar. Det er utfordringar knytt til demografi, velferd og kompetanse, men også evne til å utvikle gode og attraktive lokalsamfunn.