Oppgåvemeldinga: Meir makt til kommunane

Regjeringa vil flytta makt og myndigheit nærare innbyggarane. I dag blei stortingsmeldinga om oppgåver som kan flyttast til kommunane lagt fram.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2015

Regjeringa meiner dette er den største flyttinga av oppgåver til kommunane nokon gong. Kommunane kan få fleire oppgåver innan helse- og velferdstenester. Tannhelsetenesta, og større ansvar for rehabiliteringstenester og basishjelpemiddel, er blant oppgåvene regjeringa nå foreslår å overføra.

Gjennomgang av statlege oppgåver

Lokalpolitikarane skal setjast i førarsetet, derfor skal staten også gå gjennom eigne oppgåver.

– Me går frå statleg detaljstyring til desentralisering og maktspreiing, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa har starta ein gjennomgang av den statlege styringa av kommunane. Resultatet av dette arbeidet skal leggjast fram for Stortinget våren 2017.

Kva med fylka?

I meldinga foreslår regjeringa å invitera fylkeskommunane inn i kommunereforma, slik at det regionale nivået blir utvikla parallelt med kommunane.

– Me treng eit regionalt nivå som kan ta ei sterkare rolle i samfunnsutviklinga. Endra kommunegrenser gjer at fylka også bør sjå på eigne grenser, meiner statsråden.

Alt i sommar blir fylkeskommunane inviterte til å innleia nabosamtalar, med sikte på å avklara om det er aktuelt å slå seg i hop med nabofylke. Fylka får frist til hausten 2016 med å melda tilbake kva dei ønskjer. Deretter skal fylkesgrensene kunna vurderast av Stortinget saman med kommunegrensene våren 2017.

Kva med storbyane?

Meldinga legg ikkje opp til ei automatisk flytting av store oppgåver til storbyane. Men det bli opna for at dei kan få høve til å ta over ansvaret for vidaregåande skule og kollektivtrafikken under bestemte føresetnader.

- Storbyområda våre er i vekst og har nokre spesielle utfordringar, men også store potensiale. Me må gje dei verktøy til å skapa betre byar for innbyggarane, samtidig som vi skal sikra at folk i kommunane utanfor storbyene får likeverdige tenester, seier Sanner.

Du finn pressemeldinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i høgremargen. Der ligg også stortingsmeldinga. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.