Ombo skal tilhøyra Finnøy kommune

Øya er i dag delt mellom Finnøy og Hjelmeland. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa skal justerast slik at heile øya Ombo skal tilhøyra Finnøy kommune. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2018

Endringa skjer frå 1. januar 2020, samstundes med at Finnøy, Rennesøy og Stavanger blir éin kommune.

Det mest praktiske, meiner departementet

– Det er meir formålstenleg at éin kommune forvaltar ei øy som i dag heilt tydeleg er eitt lokalsamfunn, og der Finnøy leverer tenester til alle innbyggarar på øya, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Initiativet om å flytta området kom frå Finnøy kommune.

– Betre til høve til å påverka

Begge kommunane vedtok i 2016 at øya skulle overførast til Finnøy. Eit fleirtal av innbyggarane på Hjelmeland-sida av øya har seinare vore klare på at dei ikkje vil ha ei slik grensejustering.

– Eg meiner innbyggarane vil få meir demokratisk påverknad på viktige tenester ved å kunna røysta i den kommunen som leverer mange av tenestene på øya, seier Mæland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.