Nytt møte i den regionale ressursgruppa
30. september var tredje møte i den regionale ressursgruppa for kommunereforma. Det kom fram at fleire kommunar har eit godt stykke arbeid igjen for å danne eit grunnlag for vedtak innan fristen 1. juli 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Møtet blei leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og hadde følgjande saksliste:
- Informasjon om Fylkesmannen sitt arbeid.
- Kva skjer på regionalt nivå?
- Ny demokratirettleiar.
- Rapport frå kommunane om aktuelle nabopratar.
- Prosess-samling 28. oktober - program.
- Open post.
Fylkesmannen peika innleiingsvis på den nye situasjonen i fylket etter valet. Det blei elles informert om arbeidet med reforma, mellom anna om brev til kommunane datert 24. august 2015 - og om ulike arrangement.
Mest tid i møtet gjekk med til orientering om kva som skjer i reformarbeidet i dei ulike regionane. Status per september kjem fram av Fylkesmannen si nettside, og i justert kartversjon.
Artikkelen held fram under biletet.
Det kom fram at det ikkje har vore formell naboprat mellom fylke etter oppdraget som er gitt også til regionalt nivå.
Annonsert prosess-samling 28. oktober 2015 var også tema, og det var semje om noko justering av programmet. Det er særleg viktig at nye politikarar melder seg på samlinga.
Referat frå møtet, høyringsuttale til endring i inndelingslova og presentasjonar brukt i møtet, finn du i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13