Ny og viktig rettleiar om lokaldemokratiet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i dag lansert ein ny rettleiar for utvikling av lokaldemokratiet. Rettleiaren er tenkt å vere til hjelp for kommunane i arbeidet med kommunereforma. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.06.2015

Målet er at denne rettleiaren skal vere til god nytte i arbeidet med ny kommunestruktur. Rettleiaren er delt i tre bolkar. Den første tek for seg grunnleggande verdiar knytt til lokaldemokratiet. Den andre bolken tek opp problemstillingar rundt politikk, politisk organisering og politikarrolla. I den tredje er temaet kommunen og innbyggarane. Det er også laga eit eige debatthefte.

Demokrati tema på prosess-samling 28. oktober

Demokrati er også hovudtemaet på den annonserte prosess-samlinga vår 28. oktober. Det er lagt opp til at denne rettleiaren frå KMD er eitt av temaa på samlinga.

Du finn rettleiaren og debattheftet på KMD si nettside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.