Kva er nærdemokrati?

Styrka lokaldemokrati er eitt av måla med kommunereforma. Derfor har Distriktssenteret laga eit tidsaktuelt notat om nærdemokrati.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.01.2015

Her får du ei god oversikt over kva som bør gjerast ved etablering av nærdemokrati-ordningar, og ikkje minst kva som skal til for å lukkast.

Når målet er at lokaldemokratiet skal styrkast, er det viktig at spørsmålet om nærdemokrati er på sakslista i utgreiingsarbeidet i kommunane.

Koplinga til kommunen som politisk og administrativ organisasjon står sentralt i tre suksesskriterium som blir løfta fram:

  • Nærdemokratiske ordningar må ha eit klart mandat og reelt høve til å påverka.
  • God informasjonsflyt må sikrast ved å bygga gode strukturar for dette.
  • Tilrettelegging og god administrativ støtte er viktig.

Her kan du lesa meir og lasta ned rapporten Nærdemokrati.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar