Fylkesmannen behandlar ikkje søknader om justering av kommunegrenser under kommunereforma.

Fylkesmannen starter ikkje nye utgreiingar om justering av kommunegrenser medan kommunereforma pågår.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.02.2015

Etter inndelingslova § 8 kan m.a. innbyggjarar i kommunen søkje Fylkesmannen om at det skal setjast i gang utgreiing om justering av kommunegrenser.

I brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til fylkesmennene av 24.6.2014, det såkalla «oppdragsbrevet», heiter det m.a.:

«Departementet gjør oppmerksom på at også lokale spørsmål om grensejusteringer må tas opp i de prosessene som nå starter opp, og ikke tas som egne prosessløp slik det har vært vanlig å gjøre.»

Så lenge prosjektet med kommunereforma er i gang, vil derfor Fylkesmannen måtte avslå private initiativ etter inndelingslova § 8 om å utgreie justering av kommunegrenser. Innbyggjarane kan i denne perioden vende seg direkte til kommunen med forslag til grenseendringar som kommunen bør ta omsyn til i dei pågåande prosessane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar