Forsand: Departementet avslår utsetting av grensejustering

I tillegg avslår Kommunal- og moderniseringsdepartementet to innbyggarinititiativ om grensejustering. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2019

Forsand kommune ba i februar om at grensejusteringa mellom Forsand og Strand blir utsett frå 1.1.2020 til 1.1.2021. Forsand meiner grensejusteringa er arbeids- og ressurskrevande å gjennomføra for ein liten kommune, i tillegg til samanslåinga med Sandnes som skal settast i verk frå same dato.

– Ingenting som tilseier at dette er meir krevande for Forsand enn andre kommunar

Departementet viser til at det er fleire små kommunar i Norge som nå gjennomfører grensejusteringar og kommunesamanslåingar parallelt – og kan ikkje sjå at det er spesielle forhold eller omsyn som tilseier at dette skal vera meir krevande for Forsand kommune enn andre. Departementet finn ikkje at vilkåra for ei utsetting er til stades.

Avslår også nye initiativ om grensejustering

Fylkesmannen i Rogaland har avslått to innbyggarinitiativ om grensejusteringar i Forsand. Desse avslaga blei klaga inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Nå har departementet kome til same konklusjon som Fylkesmannen. I avslaget heiter det:

"Fylkesmannens vurdering av at momentene som anføres i de to innbyggerinitiativene var kjent for departementet da departementet vedtok grensejusteringen (...) Departementet kan ikke se at det i noen av initiativene anføres nye momenter av betydning for vurderingen".

Begge breva, som departementet har sendt ut i dag, er lagt ved denne nettartikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.