Fjernar uvisse om tilskot
Regjeringa har vedteke at inndelingstilskotet for kommunar som slår seg saman i kommunereforma, skal ta utgangspunkt i inntektssystemet slik det er i 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 11.11.2014
Ein del kommunar har stilt spørsmål om kva inndelingstilskotet vil vere når kommunane slår seg saman i 2020. Regjeringa har altså vedteke at tilskotet for kommunar som slår saman seg skal ta utgangspunkt i inntektssystemet slik det er i 2016.
Skal sikra inntektsnivået
Inndelingstilskotet i inntektssystemet er ei kompensasjonsordning til kommunar som slår seg saman. Ordninga skal enkelt forklart sikra at rammetilskotet til den samanslåtte kommunen ikkje blir mindre enn det kommunane enkeltvis hadde før samanslåinga.
Les meir her.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13