Arbeidet med kommunereform i full gang

Fylkesmannen er i gang med første runden med kommunane i fylket for å drøfta framtidig kommunestruktur. Det har vore møte i alle regionane bortsett frå Haugalandet, der det blir eit møte 3. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.09.2014

Det er gjennomført møte med tre regionale samarbeidsorgan: Ryfylkerådet 4. september, Jærrådet 12. september og Dalanerådet 18. september. Vidare har det vore eit møte med kommunane på Nord-Jæren 15. september. Siste møtet blir for medlemskommunane i Haugaland Vekst IKS 3. oktober. Oppmøtet har vore godt og det ligg nå til rette for prosessar internt i kommunane og drøftingar mellom nabokommunar om aktuelle endringar.

 Lenkje til presentasjonen som blir nytta på samlingane

Omtale i Stavanger Aftenblad om møtet i Ryfylkerådet

Omtale i Stavanger Aftenblad om møtet i Dalanerådet

Jærrådet drøftar saka

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.