- Informasjon og involvering er suksesskriteria

Korleis involvera innbyggjarane og næringslivet på ein god måte i arbeidet med kommunereforma? Det var temaet for eit møte arrangert av Kommunalt informasjonsforum Rogaland 27. januar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.02.2015

Møtet i rådhuset i Time samla informasjonsmedarbeidarar og kommunalt tilsette med særleg ansvar for kommunereforma. Prosessrettleiar Anfinn Rosnes orienterte om kor prosessen står og om den vidare framdrifta.

- Me veit kva suksesskriteria er. Det handlar om god informasjon, tydeleg lokalt leiarskap og ikkje minst openheit. Folk må få vita kva dei har, kva dei får får og kva dei eventuelt mistar. Og prosessane må vera opne og inkluderande, sa Rosnes.

 

Presentasjonane frå møtet finn du i høgremargen:

  • Anfinn Rosnes - Fylkesmannen i Rogaland
  • Frode Ingvaldstad  - KS Rogaland
  • Elin Wetås de Jara - Time kommune og Jærrådet
  • Ole Jørgen Alstadsæter - Sandnes kommune og Jærrådet
  • Anne Woie - Næringsforeningen i Stavanger-regionen
  • Idéheftet "Hvordan involvere innbyggerne" (KS)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

Kommunalt informasjonsforum Rogaland

Kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen i Rogaland har etablert Kommunalt informasjonsforum Rogaland (KiR) for felles erfarings- og kunnskapsutveksling. KiR skal vera ein treffstad for deling og kompetanseheving som styrkar det informasjonsfaglege arbeidet i kommunane, fylkeskommunen og hos Fylkesmannen.