Orientering om skjønstildelinga for 2014.

I rammetilskotet til kommunane (kap 572), jf Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2014.

Publisert 31.10.2013

Føremål og rammer for fordelinga.

Hovudkriteriet er at skjønstildelinga skal kompensera for ufrivillige utgifter som dei faste kriteria i inntektssystemet for kommunane ikkje fangar opp. Av ei ramme for fylket på 76,9 mill kr er kr 60 748 000 fordelt i samband med statsbudsjettet, medan kr 16 152 000 vil bli fordelt seinare.

 Fordelinga byggjer på dei prinsippa som kjem fram i kommuneproposisjonen og retningslinjer for skjønstildeling fastsett av KRD. Av viktige omsyn kan nemnast:

”Ved skjønnstildelingen bør fylkesmannen… ta hensyn til utgiftskrevende forhold av betydning som kommunene selv ikke kan påvirke, og som ikke er fanget opp i inntekts-systemet.”  Det heiter også m.a. at ”kommuner som ikke iverksetter tiltak for å gjenopprette økonomisk balanse ikke kan tildeles skjønnsmidler med begrunnelse i kommunens økonomiske situasjon”.

 I særskilte høve kan det gis skjønstilskot til kommunar med ein vanskeleg økonomisk situasjon, men tildelinga skal då knytast opp til ein plan for å koma i økonomisk balanse.

Samla ramme for skjønstilskot for landet 2014 og føregåande år (mill kr):

 

2014

2013

2012

2011

2010

Kommunane

2 141

2 175

1 633

1 697

1 686

Fylkeskommunane

512

509

409

407

405

I alt

 

2 684

2 042

2 104

2 091

Kommunane, ordinært skjøn

1 491

1 477

1 507

1 494

1 489

 ”           prosjekt m.m. (KRD)

250

301

126

203

197

Samla ordinær skjønsramme for kommunane er 1 491 mill kr. Av dette går som nemnt 76,9 mill kr til kommunane i Rogaland, mot 73,8 mill kr for 2013. Auken  har samanheng med at det er omfordelt 100 mill av ramma for å auka føresetnadene for å gi tilskot til innovasjonsprosjekt, og kriteria for denne omfordelinga tilgodeser Rogaland (50 % er fordelt etter folketal, 50 % etter tal på kommunar). Vi kjem tilbake til dette nedanfor.

 I tillegg kjem kompensasjon for endringar i inntektssystemet med 400 mill kr frå 2011, av dette 57 mill kr til kommunar i Rogaland. Denne fordelinga ligg fast til neste revisjon av inntektssystemet (om lag kvart fjerde år). I åra  2011 - 2013 blei det fordelt 50 mill kr på landsplan til psykososial oppfølging etter hendingane 22. juli 2011, av dette 3,3 mill kvart av åra til kommunar i Rogaland. Desse midla blir ikkje føreslått vidareført i 2014.

 I Grønt hefte, tabell 1-k, side 72-73, er fordelt  kr 60 748 000 til kommunane i fylket. Kr       16 152 000 er ufordelt. Dette vil bli fordelt seinare, dels til språkdelingsgrupper rundt årsskiftet når nødvendige data ligg føre, og dels til utviklingsprosjekt neste år i juni med søknadsfrist i april.

Nærare om fordelinga for 2014 i Grønt hefte

 Som i føregåande år er det lagt inn kompensasjon for kommunar som framleis har høgare sats for arbeidsgjevaravgift enn før omlegginga, etter berekningar frå departementet.

 Dei viktigaste omsyna i tildelinga elles har vore kommunar med høge utgifter pr innbyggjar til ressurskrevjande tenester og kommunar som har særlege utfordringar når det gjeld rus/psykiatri. Kostnadsnøkkelen for rus/psykiatri blei lagt om i 2004 og kommunar som i særleg grad tapte på omlegginga har fått kompensasjon for dette. Profilen for kompensasjonen for særleg høge utgifter til  ressurskrevjande er nokolunde den same som for 2013, men ajourførte data gjer at utslaga endrar seg noko. Desse utgiftene er svært ujamt fordelt og vi har derfor funne det rett å leggja ein viss kompensasjon til kommunar som har nettoutgifter pr innbyggjar godt over snittet. For rus/psykiatri er profilen for tildelinga den same som inneverande år.

Som i dei siste åra går 100 mill kr av skjønsmidla til inntektssvake kommunar i Sør-Noreg som ikkje får regionalpolitiske tilskot i 2014. Rogaland får her 4 mill, som er tildelt Karmøy kommune.

For 2007 blei det lagt inn 2,5 mill kr til kommunar som tapte på innlemminga av tilskot til skyss av helsepersonell i rammetilskotet. Dette gjeld legevaktsamarbeidet i Ryfylke med kommunane Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Pga. stor kostnadsauke fordelte vi 3 mill ekstraordinært for 2009. Desse tildelingane  har vore vidareført etterfølgjande år. Ny  anbodsrunde kan tilseia ei innsparing for kommunane på vel 1 mill kr og vi har derfor også lagt dette til grunn. Sidan det blei endå ein ny runde pga ein formell feil kan tildelinga vurderast på nytt seinare dersom det skjer endringar i føresetnadene.

 Det er også tatt omsyn til nokre kommunar som ”taper” på handlingsplanen eldre, dvs. at dei bygde ut institusjonsplassar rett før handlingsplanen blei vedtatt og dermed går glipp av støtta andre kommunar får.

 Fordeling så langt, dvs. nærare spesifisering av beløp i Grønt hefte (1000 kr):

 

 

Ress. krev høge utg.

Psyk/rus

Skyss helse

Innt.svake

Etter skjøn elles

Komp. DAA

Sum ordinært skjøn  2012

Eigersund

 

 

 

 

2000

 

2 000

Sandnes

 

 

 

 

 

 

0

Stavanger

 

 

 

 

 

 

0

Haugesund

 

6 000

 

 

800

 

6 800

Sokndal

 

 

 

 

 

 

0

Lund

 

 

 

 

 

 

0

Bjerkreim

 

 

 

 

 

 

0

 

 

 

 

 

 

0

Klepp

 

 

 

 

 

 

0

Time

 

 

 

 

 

 

0

Gjesdal

 

 

 

 

1 200

 

1 200

Sola

 

 

 

 

 

 

0

Randaberg

5 000

 

 

 

 

 

5 000

Forsand

 

 

 

 

 

 

0

Strand

 

1 000

 

 

2 000

 

3 000

Hjelmeland

 

 

1 200

 

 

 

1 200

Suldal

 

 

 

 

 

 

0

Sauda

 

1 000

 

 

900

6 616

8 516

Finnøy

 

 

2 000

 

2 000

3 606

7 606

Rennesøy

 

 

800 

 

500

 

1 300

Kvitsøy

 

 

400 

 

600

 

1 000

Bokn

 

 

 

 

300

 

300

Tysvær

7 200

 

 

 

 

 

7 200

Karmøy

 

 

 

4 000

500

 

4 500

Utsira

 

 

 

 

200

 

200

Vindafjord

 

 

 

 

1 200

9 726

10 926

Fordelt

12 200

8 000

4 400

4 000

12 200

19 948

60 748

Rest

 

 

 

 

 

 

16 152

Sum

 

 

 

 

 

 

76 900

 

Resten av skjønsmidla for 2014 – språkdeling og innovasjon

 Dei ufordelte midla, kr 16 152 000,  tek vi sikte på å fordela i to rundar:

 1. Språkdeling, ved årsskiftet. Kommunar som har utgifter til språkdeling som følgje av regelen om at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1.-7 i ein kommune ønskjer undervisning på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe, jf. Opplæringslova § 2-5. Fylkesmannen skal  vurdera om kommunane har behov for dekning av slike meirkostnader.

Midla vil bli fordelt på grunnlag av GSI-data og tilbakemeldingar frå kommunar som har språkdelingsgrupper og kan grunngi at dei treng slike midlar.

 2. Fornyings- og innovasjonsprosjekt, i mai / juni neste år. Det har ein god del år vore ei eiga ramme til fornyings- og utviklingsprosjekt kommunane ønskjer å gjennomføra for å utvikla dei kommunale tenestene. Frå 2014 ønskjer ein at tilskot i større grad skal bli gitt til innovasjonstiltak, og at innovasjonsprosjekt skal bli prioritert innafor ramma. Dette kan gå ut på å finna meir effektive måtar å organisera og utøva tenestene på, men også at ein  søkjer å finne måtar å tilby kvalitativt betre tenester til innbyggjarane.

Vi tek sikte på å auka tildelinga til slike prosjekt ein god del for neste år. Det vil koma meir om dette seinare, men ein kan alt nå ta til med å førebu slike søknader.

Dersom det ligg føre gode nok søknader ved årsskiftet kan det bli aktuelt å dela ut ein del av midla alt då, men hovudtildelinga tek vi uansett sikte på som før i mai/juni

Eventuelt restskjøn pga uføresette tilhøve vil det også vera mest naturleg å ta opp i samband med desse to tildelingsrundane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.