Fleire kommunar i Rogaland har mindre økonomisk handlingsrom

På bilete kan vi sjå to kvinner som går på den raude brua ut mot Jørpelandsholmen i Strand kommune på ein fin sumardag. Jørpelandsholmen er ei naturperle i kommunen vel verd eit besøk. Strand kommune er ein raud kommune i KS sin analyse av konsernrekneskapstala for 2023. Foto: Kristine Enger

Det er no heile fire rogalandskommunar som har eit moderat økonomisk handlingsrom og er gule kommunar i analysen til KS av konsernrekneskapstala for 2023. Dette er tre kommunar meir enn i fjor. Framleis har fylket berre éin raud kommune med begrensa økonomisk handlingsrom, og det er Strand kommune. 

Publisert 16.07.2024

KS gjer kvart år ein analyse av i kva grad kommunane i landet har økonomisk handlingsrom. Den siste analysen er gjort på konserntal for 2023. Analysen frå KS viser at det har skjedd større endringar fra 2022 til 2023 for kommunane i Rogaland enn tidlegare år.

Kommunane er delte inn i tre kategoriar: kommunar med avgrensa økonomisk handlingsrom (raude), kommunar med moderat økonomisk handlingsrom (gule) og kommunar med større grad av økonomisk handlingsrom (grøne).

Følgjande kriterium og inndeling er brukt i analysen

I den årlege analysen til KS vert kommunane vurderte ut i frå følgjande indikatorar (som del av driftsinntekter):

  • Netto driftsresultat etter netto bundne fondsavsetningar
  • Netto lånegjeld trekt i frå ubundne fondsavsetningar
  • Disposisjonsfond inkludert samla meirforbruk i driftsrekneskapen til seinare inndekning

Den samla poengsummen rangerast på følgjande måte:

  • Avgrensa økonomisk handlingsrom – indeks lågare enn 1 (raudt)
  • Moderat økonomisk handlingsrom – indeks mellom 1 og 2 (gult)
  • Større grad av økonomisk handlingsrom – indeks større enn 2 (grønt)

Resultatet for kommunane i Rogaland

Rogaland har i analysen av konsernrekneskapstala for 2023 éin raud kommune, fire gule kommunar og 18 grøne kommunar. Til samanlikning hadde fylket i analysen av tala for 2022 éin raud kommune, éin gul kommune og 21 grøne kommunar.

2022:

Randaberg (raud) og Strand (gul). Resten av kommunane var grøne.

2023:

Strand (raud), Haugesund (gul), Lund (gul), Time (gul) og Randaberg (gul). Resten av kommunane er grøne. 

Strand kommune, som låg veldig nær grensa om å vere på raudt nivå i fjor, har no havna på raudt nivå og ligg på 0,30 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 1,07. 

Haugesund kommune ligg på 1,19 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 2,67.

Lund kommune ligg på 1,43 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 2,59.

Time kommune ligg på 1,97 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 3,10. 

Randaberg kommune ligg på 1,44 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 0,98 og var raud i analysen. Kommunen har no kome over grensa og er i årets analyse ein gul kommune.

At fleire kommunar no er vurderte til å ha moderat økonomisk handlingsrom skyldes i hovedsak at dei har svekka netto driftsresultat og lågare disposisjonsfond samanlikna med året før. Dei fleste kommunane ligger på omtrent same gjeldsnivå som tidlegare. 

Samla sett har 16 kommunar lågare handlingsromsindeks i år, samanlikna med analysen i fjor. 7 kommunar har høgare handlingsromsindeks enn i fjor. 

Komplett kommuneoversikt for Rogaland

Kommune Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetninger i prosent av driftsinntekter Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringfond i prosent av driftsinntekter Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir/mindreforbruk i prosent av driftsinntekter Handlingsrom indeks
Eigersund 2,9 95,7 20,5 3,18
Stavanger 3,8 71,9 13,4 3,09
Haugesund -0,5 74,2 9,6 1,19
Sandnes 5,0 73,1 13,8 3,51
Sokndal 4,7 47,0 23,3 4,90
Lund -0,5 63,6 10,2 1,43
Bjerkreim 6,5 35,0 33,5 6,83
6,1 65,0 21,4 4,86
Klepp 6,3 62,4 19,8 4,79
Time 2,1 87,0 10,7 1,97
Gjesdal 1,0 77,6 13,7 2,09
Sola 5,9 50,9 12,8 4,07
Randaberg 2,9 102,1 5,8 1,44
Strand -0,7 111,9 7,8 0,30
Hjelmeland 7,3 63,9 32,8 6,54
Suldal 21,9 18,5 65,6 15,81
Sauda 17,3 60,3 31,8 9,82
Kvitsøy 7,0 48,2 40,3 7,54
Bokn 3,9 67,7 37,3 5,84
Tysvær 5,9 79,1 25,0 4,95
Karmøy 1,0 58,2 14,4 2,49
Utsira 13,6 64,3 41,6 9,61
Vindafjord 4,9 50,8 24,2 5,00

Merk: Tabellen blei oppdatert 17.07 etter at det blei oppdaga feil i tabellen som KS først publiserte. 

Sjå lenke til KS sin artikkel med resultata av analysen for alle kommunar i landet (konsernrekneskapstal for 2023) og med ei forklaring av korleis dei kjem fram til verdiane i sjølve indeksen.

Vi har også lenka til artikkelen vi skrev i fjor med resultata for kommunane i Rogaland ut frå konsernrekneskapstala for 2022.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.