Lukka møte kan gjennomførast som fjernmøte
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har opnar nå for at lukka møte i kommunar og fylkeskommunar kan gjennomførast som fjernmøte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Normalordninga i kommunelova er at møte som lova bestemmer skal gå for lukka dører, ikkje kan gjennomførast som fjernmøte. Det har tidlegare under pandemien blitt innført unntak for dette. Den sist gjeldande unntaksregelen blei oppheva 1. desember 2021. Det er derfor behov for nytt unntak.
Gjeld til 1. mai 2022
Departementet har derfor fastsett ein forskrift som gir eit midlertidig unntak frå lova, slik at også møte som må haldast for lukka dører kan gjennomførast som fjernmøte.
Dette lettar gjennomføringa av fjernmøte i kommunar og fylkeskommunar, og legg til rette for at møte i folkevalde organ kan gjennomførast på ein trygg måte.
Forskrifta trer i kraft med ein gong – og varer til 1. mai 2022.
Kontaktpersonar
-
Monica Nessa
Tlf: 51 56 88 71 / 48 12 68 47