Tildeling av midlar til innovasjonsprosjekt 2017 - 1. runde

Fylkesmannen har fordelt kr 3 250 000 til 8 kommunale innovasjonsprosjekt av skjønsmidlane for 2017. Sidan det skal haldast av ein reserve på 3,35 mill. kr til hausten, vil det bli ein ny tildelingsrunde då.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2017

I brev av 30. januar 2017 lyste vi ut ein søknadsrunde for kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt med frist 2. mai. Fylkesmannen har nå  fordelt kr 3 250 000 til 8 prosjekt av skjønsmidlane for 2017. Sidan det skal haldast av ein reserve på 3,35 mill. kr til hausten, vil det bli ein ny tildelingsrunde då. I denne omgang er desse prosjekta tildelt midlar:

Kommune

Tittel

Tildeling kr

Eigersund

"Utviklingsprosjekt knyttet til hverdagsmestring i Eigersund"

600 000

Sandnes

"På gulvet"

300 000

Sandnes

"VT-respons"

400 000

Stavanger

"Digital plattform for frivillighet"

200 000

Stavanger

"Prosjekt beboerlyst - Pilot samskapingshus"

300 000

Time

"Digital dialog med brukere og pårørende"

400 000

Sola

"FFF som innovasjonsstrategi"

500 000

Tysvær

"Implementering av velferdsteknologi i Haugaland Vekst kommunene"

550 000

 Sum  

3 250 000

Vi gjer merksam på at dette brevet er eit samlebrev til alle kommunar. Dei som har fått skal også kunna finna tildelinga i den elektroniske søknadsportalen.

Samla søknadssum ligg på 19,5 mill. kr. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Om bakgrunnen og omtale elles av denne ordninga viser vi til brevet av 30.1 og omtale på nettsidene våre.

Det blir ein ny tildelingsrunde i oktober og søknadene som ikkje har fått midlar i denne omgang vil bli vurdert på nytt då. Grunnen til at det blir to omgangar er at departementet har bestemt at 5 % av skjønsramma, dvs. 3,35 mill. kr, skal haldast i reserve til hausten til uføresette tilhøve. Vi reknar likevel med at beløpet i det vesentlege vil kunna disponerast til innovasjonsprosjekt.

Sidan den nye tildelingsrunden ligg ein del fram i tid vil vi opna att den elektroniske søknadsportalen fram til 31. august slik at ein eventuelt kan endra eller supplera søknadene. Nye søknader kan også sendast inn.

Vi minner elles om at søknadsfrist for ordinært skjønnstilskot for 2018 er 31. august.

Nærare om tildelinga:

Eigersund kommune får kr 600 000  til eit prosjekt med hovudmål utvikling av helse og velferdstenester med spesielt fokus på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Prosjektet er ei oppfølging av to tidlegare prosjekt og omfattar også erfaringsdeling frå FoU-prosjektet «Sammen om en aktiv hverdag».

Sandnes kommune er tildelt kr 300 000 til prosjektet «På gulvet» som går ut på å utvikla og dokumentera ein praktisk rettleiingsmetodikk for foreldre i vanskelege barnevernssaker.

Sandnes får også kr 400 000 til vidareføring av prosjektet «VT-respons». Prosjektet skal arbeida mot etablering av eit interkommunalt velferdsteknologisk responssenter med helsefagleg personell. I alt 12 kommunar i Sør-fylket er med på dette.

Stavanger kommune får saman med Klepp kommune kr 200 000 utprøving og ferdigstilling av ein digital plattform for koordinering av friviljug arbeid i fire friviljugsentralar i Stavanger kommune og friviljugsentralen i Klepp kommune.

Stavanger  er også tildelt kr 300 000 til prosjektet «Beboerlyst – fase 2», eit pilotprosjekt som skal bidra til betre rammer for innbyggjarmedverknad gjennom eit tilpassa lokale (samskapingshus).

Time kommune får kr 400 000 til eit prosjekt der det skal utviklast kommunikasjonsløysingar for digital dialog med brukarar og pårørande når det gjeld pleie- og omsorgssektoren.

Sola  kommune får kr 500 000 til vidareføring av prosjektet «Forenkling, forbedring og fornying», og til utvikling av den årlege innovasjonskonferansen kommunen er hovudarrangør for. Målet er å styrka endringskompetansen og utvikla tenestene gjennom å involvera innbyggjarane.

Tysvær  kommune er tildelt kr 550 000 til vidareføring av eit velferdsteknologiprosjekt for Haugalandet, eit samarbeid mellom  kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Utsira, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Målet er at auka bruk av velferdsteknologi skal gjera det mogleg for brukarar å bu heime så lenge som råd, med god livskvalitet.

For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom  spreiing av kunnskap. Rapportering skjer via søknadsportalen. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.

Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KMD sine nettsider.

Rettleiar for søknadsportalen, sjå høgremenyen. (her finn du også lenkje til pålogging)

Kontaktpersonar for prosjekta i kommunane:

Eigersund

 Eli Sævareid

Sandnes

 Mette Fossan-Bergem

Stavanger (1)

Atle Melangen

        «       (2)

 Lene Klovning Jørpeland

Time

 Eva Tone Fosse

Sola

 Bente Synnøve Brun

Tysvær

 Tor Leif Helgesen/ Sturle J Monstad   (Haugaland Vekst IKS)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.