Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane 2015

Det skal tildelast inntil 8,9 mill. kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 2015. Dette er eit ledd i innovasjonsstrategien frå KMD for kommunesektoren. Søknadsfristen er 4. mai.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.03.2015

1. Innovasjons- og fornyingsprosjekt

Det skal tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad. Dette er eit ledd i den nye innovasjonsstrategien for kommunane som blei lansert i april i 2013.  Også i tidlegare år har det vore gitt midlar til slike føremål,  i fjor blei det brukt kr 5 530 000 til innovasjons- og fornyingsprosjekt, vel det doble av året før. Det nye dei siste par åra er sterkare vekt på innovasjon og at ramma er auka.

Etter andre tildeling av skjønsmidlar for 2015,  står det att kr 8,9 mill. kr som i utgangspunktet er tiltenkt dette føremålet, men som også kan bli brukt til restskjøn, jf. nedanfor. Kor mykje av dette som vil gå til innovasjon og fornying er avhengig av at det kjem inn mange nok gode søknader. Det vil også bli lagt opp til ein breiare prosess der KS lokalt vil bli trekt inn i vurderinga av søknadene. Sola kommune inviterer elles til  ein innovasjonskonferanse for kommunane i fylket 27. april.

Bakgrunnen for innovasjonsstrategien er ikkje minst at den demografiske utviklinga, særleg veksten i talet på eldre, vil gi store utfordringar for mange kommunar. Det er derfor viktig å finna nye løysingar.

Innovasjon er definert som prosessen med å utvikla nye idear og realisera dei slik at dei gir meirverdi for samfunnet. Kortversjonen er at det skal vera noko nytt for kommunen, det skal vera nyttig og det skal vera nyttiggjort.

Innovasjon kan vera kjend eller ny kunnskap kombinert på ein ny måte eller brukt i ein ny samanheng. For kommunane vil dette innebera at det kan vera innovasjon å kopiera gode løysingar frå andre kommunar eller i andre land – men at ein tek det i bruk på sin eigen måte i sin kommune. Dei kommunale oppgåvene femner over eit vidt spekter og dette gir høve til å finna løysingar på tvers av tradisjonelle fag- og sektorgrenser.

Vi viser elles til  utdrag nedanfor frå retningslinjene for skjønstildeling.

2. Andre tilhøve

Generelt skal skjønstildelinga (hovudramma) ivareta spesielle lokale forhold, som ikkje blir fanga opp av inntektssystemet. Ramma som nå er att på 8,9 mill. kr skal i utgangspunktet gå til innovasjons- og fornyingsprosjekt som nemnt ovanfor, men i særlege tilfelle kan også andre utgiftsbehov trekkjast inn.

Kommunar med økonomisk ubalanse (registrert i Register om betinga godkjenning og kontroll – ROBEK), kan etter særskilt vurdering gis skjøn knytt til ubalansen. Vilkåret er då at det blir utarbeidd ein plan for å koma i økonomisk balanse, i økonomiplan/ budsjett, eller ein eigen spesifikasjon av økonomiplan/ budsjett.

Kommunar som ikkje er i ROBEK kan også gis skjøn basert på ein vanskeleg økonomisk situasjon. Også for slike kommunar skal skjønstildelinga som hovudregel knytast til ein plan for å oppnå økonomisk balanse.

Vi viser elles til brev av 24.11.14 der det går fram at  den enkelte kommune kan få tildelt inntil kr 100 000 frå skjønsmidla til arbeidet med kommunereform

3.Korleis ein søkjer om skjønsmidlar

Send skriftleg søknad (brev eller e-post) der ein kort gjer greie for prosjektet, kva som er målet, korleis gjennomføringa skal skje, framdriftsplan, kontaktperson, kostnader og finansiering. Vi opererer ikkje med søknadsskjema, men desse momenta må vera med i søknaden. Søknadsfristen er 4. mai 2015. For dei kommunane som ynskjer det, opnar vi for møte med embetet, kor prosjekt/søknad blir omtala nærare.

For prosjekt som har fått støtte tidlegare, må ein gjera greie for framdrift og kva ein har oppnådd så langt.

For prosjekt som er avslutta i 2014 og tidlegare år og der ein ikkje har rapportert før, må ein rapportera om kva som er oppnådd innan 15. april 2015.

 Vedlegg

Utdrag frå  ”Retningslinjer for skjønnstildelingen 2015”  - Kommunal- og moderniseringsdepartementet 

3. Prosjektmidler

Fylkesmannen har mulighet til å gi en del av skjønnsrammen som støtte til fornyings- og innovasjonsprosjekter i kommunene.  Formålet med prosjektmidlene er å gi kommunene støtte til å prøve ut nye løsninger på sine utfordringer. Midlene skal med andre ord fungere som risikoavlastning for kommunene for å kunne jobbe med fornying og innovasjon. Prosjektenes formål må være å styrke kommunen i rollene somtjenesteprodusent, myndighetsorgan, lokaldemokratisk arena eller som samfunnsutvikler. Prosjektene kan omfatte alle tjenesteområdene i kommunen.

Det skal ikke gis støtte til prosjekter som handler om utføring av kommunale driftsoppgaver, eller prosjekter som er en del av det ordinære kommunale utviklingsarbeidet.

For å få tildelt prosjektmidler må kommuner i søknaden kunne vise til en gjennomtenkt og realistisk prosjektplan. Kommunen må beskrive sine utfordringer godt, og kunne vise til klare målsetninger for hva de ønsker å oppnå med prosjektet. Kommunen må også begrunne valget av virkemidler/løsninger som skal testes ut i prosjektet.

Krav til fylkesmannens oppfølging av prosjekter

For å sikre overføringsverdi mellom kommunene og en bevisst pengebruk skal resultatene av prosjektene dokumenteres, og fylkesmannen skal gjøre en vurdering av prosjektene og hvilken overføringsverdi de har til andre kommuner.

Fylkesmannen skal videreformidle resultatene fra prosjektene til andre kommuner og stimulere til læring og erfaringsutveksling mellom kommunene og på tvers av fylkesmannsembetene, eksempelvis gjennom å bidra til at det finnes gode læringsarenaer. Fylkesmannen kan vurdere å bruke skjønnsmidler til, i samråd med kommunene, å evaluere prosjekter kommunene har gjennomført, for eksempel som grunnlag for erfaringsdeling.

Avgrensninger

Fylkesmannen skal ikke gi støtte til rene næringsutviklingsprosjekter da dette vil kunne overlappe med fylkeskommunens virkemidler og skape uklarhet om ansvarsfordelingen mellom fylkesmannen og fylkeskommunen. Med mindre det ikke foreligger en ekstraordinær situasjon, skal skjønnsmidlene ikke benyttes til å støtte interne strukturelle omorganiseringer av varig karakter. Alle søknader som må behandles etter forsøksloven skal oversendes departementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.