12 millionar fordelt til innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane

Bildet består av tre mindre bilder som illustrerer bruk av telemedisin og er laget i Canva

For 2024 har Statsforvaltaren i Rogaland fordelt 12 millionar kroner til 10 innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane. I denne artikkelen kan du lese om prosjekta som har fått tilskot.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2023

Vi treng nye løysingar for framtida

Framtida byr på utfordringar knyta til demografi og urbanisering. Vi treng nye løysningar og ny teknologi i kommunane for at dei skal klare å yte gode tenester inn i framtida. Difor har Statsforvaltaren fordelt 12 millionar kroner for 2024 til ti innovative prosjekter i kommunane i Rogaland. 

Sauda sitt prosjekt med å innføre  telemedisin for å avlaste spesialistar hos legevakta, Karmøy sitt prosjekt som omhandlar ein ny måte å fordele farmasøytiske legemiddel og prosjektet til Eigersund som skal sikre tilgang på helsepersonell i Dalane kommunane gjennom distriktsvennleg sykepleieutdanning, er alle prosjekt som tar sikte på å skaffe og nytte kritisk helsepersonell betre.

"I tildelinga har vi lagt særleg vekt på at prosjekta skal vere innovative og nyskapande, og at dei vil kunne bidra til eit meir berekraftig velferdssamfunn. Vi har prosjektet til Sauda kommune om å innføre telemedisin ved legevakt, prosjektet til Karmøy kommune med fordeling av legemiddel ut i tenestene og prosjektet til Eigersund kommune om ei distriktsvennleg sykepleieutdanning i Dalene. Dette er tre døme på innovative prosjekt som no har fått tilskot og som vil kunne bidra til å skape eit meir berekraftig velferdssamfunn» seier statsforvaltar Bent Høie.

statsforvaltar Bent Høie, foto: John Gunnar Skien


Berekraftige velferdssamfunn er ei av tre tverrfaglege satsingar hos Statsforvaltaren i Rogaland. Dei to andre er klima og barn og unge.

Totalt kom det inn heile 31 søknadar frå fleire ulike fagområde. Fordelinga til prosjekta og kommunene av dei 12 millionane til innovasjon og fornying ser du under.

Midla er fordelt til følgjane prosjekt

prosjekt kommune tildeling kr
Videre utvikling av system for kunnskapsstøtte i kommunene Stavanger                 1 350 000
Sammen på god vei - del to Stavanger                    850 000
Fleksibel- og distriksvennlig sykepleie i Dalane (Dalane modellen) Eigersund                 1 450 000
«It takes a village to raise a child»  Strand                 1 000 000
Hele familien Sandnes                 1 750 000
Omstilling 2035-forprosjekt Gjesdal                    800 000
Rett hjelp der barnet bur Haugesund                    500 000
Kommunalt Legemiddelteam Karmøy                 1 600 000
Optimalisere velferdsteknologi Karmøy                    900 000
Teknologi for mer bærekraftig legevakttjeneste i distriktene Sauda                 1 800 000

 

Om prosjekta

Stavanger kommune får 1 350 000 kroner til prosjektet «Videre utvikling av system for kunnskapsstøtte i kommunane», som er eit interkommunalt prosjekt i regi av det lokale forskningssamarbeidet innan helse og velferd i Sør-Rogaland og som er forankra i det nasjonale KSF organet – Kommunanes strategiske forskningsorgan. 14 av 15 kommunar i Sør-Rogaland deltek i samarbeidet.

Stavanger kommune har og fått tilskot med 850 000 kroner til av prosjektet «Sammen på god vei – del to», som er eit innovasjonsprosjekt i samarbeid med SUS og kommunane Sola, Strand og Klepp om å handtere kortidsopphold på sjukeheim.

Eigersund kommune har saman med kommunane Bjerkreim, Sokndal, Hå og Lund fått tildelt 1 450 000 kroner i tilskot for prosjektet «Fleksibel og distriktsvennlig sykepleie i Dalane», som skal legge til rette for det nye sjukepleiestudiet i Dalane.

Strand kommune får tildelt eit tilskot på 1 000 000 kroner for prosjektet «It takes a village to raise a child», som skal møte utsette barn og ungdom på fleire arenaer i kvardagslivet.

Sandnes kommune får 1 750 000 kroner til prosjektet «Hele Familien», som vil følge opp 20 til 30 lavinntektsfamilier fram til uteksaminering av vidaregåande skole.

Gjesdal kommune får 800 000 kroner til prosjektet «Omstilling 2035-forprosjekt». Eit prosjekt som involverer nærast alle avgjerdstakarar i kommunen og omhandlar tilpassingar over fleire valperiodar for å vere rusta for utfordringar i framtida, med bakgrunn i mellom anna demografi.

Haugesund kommune får 500 000 kroner til prosjektet «Rett hjelp der folk bor» som saman med Karmøy kommune og Stord Kommune skal drive eit prosjekt som opprettar team som behandlar familiar med barn med alvorlege åtferdsvanskar.

Karmøy kommune får 1 600 000 kroner til prosjektet «Kommunalt Legemiddelteam» som vil danne team med farmasøytar for å sørge for medisinering, i staden for at ufaglærte utførar dette arbeidet.

Karmøy kommune får i tillegg 900 000 kroner for prosjektet «Optimalisere verferdsteknologi» for å betre utnytte dei store digitale investeringane som har blitt gjort.

Sauda kommune får tildelt 1 800 000 kroner til prosjektet «Teknologi for mer bærekraftig legevaktstjeneste i distriktene». Kommunen vil implementere telemedisinteknologi for betre å utnytte spesialistkompetanse mellom kommunane Sauda, Suldal og Haugesund saman med Helse Fonna HF.

For meir informasjon om føresetnader for tildeling og krav om rapportering, sjå brev om tildeling til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.