Søknad om endra løyve for biogassanlegg på Grødaland
- Høyringsfrist:
- 28. september 2018
IVAR IKS søkjer om å gjere endringar i løyve etter forurensningslova §11, jf. §16 for biogassanlegget på Grødaland i Hå kommune, forbrenningsdel.
Publisert 14.08.2018
Det er søkt om desse endringane:
- Auke i kapasiteten på forbrenningsovnen til biogassanlegget frå 2 MW til 10 MW. Halvparten av energien er tenkt tilført fjernvarmenett i området
- Endre brensel: berre bruke returtrevirke, ikkje biorest
- Bioresten skal nyttast til mellom anna jordproduksjon. Biorest er produktet som er att etter at biogassen er produsert
Det blir endringar i mellom anna trafikken i området. Det er utarbeidd ei oppdatert konsekvensutgreiing.
Sjå høyringsdokumenta i lenkene til denne nettsaka.
Merknader skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 28. september 2018.
- Høyringsfrist:
- 28. september 2018
Dokument
- Grødaland biogassanlegg - offentleg ettersyn søknad og KU utvida forbrenningsanlegg 13.08.18
- Kunngjeringstekst
- Notat fjernvarme
- Plankart
- Produksjonsomtale
- Røyr og kablar i bakken
- Samansetting returtrevirke
- Søknadsskjema
- Ulike vedlegg
- Vedlegg 5.9 -5.10 spreiingsavgrensing og pipehøgde
- Fastsetting program for konsekvensutgreiing
- Biorest 13.02.18
- Notat energiutveksling og fjernvarme 22.03.18
- Oppdatert konsekvensutgreiing 20.08.18
- Støyutgreiing 15.02.18
- Trafikkvurdering 14.02.18
- Utslepp til luft og lukt biorest 15.02.18