Høyring av søknad frå Ragn-Sells AS avd. Tankrenovasjon

Høyringsfrist:
12. april 2021

Ragn-Sells AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova for verksemda sitt anlegg på gnr. 71 bnr. 211 og 286 i Førresfjorden, Tysvær kommune.

Publisert 15.03.2021

Ragn-Sells søker om å auka mengde farleg avfall mottatt og samtidig lagra på anlegget, og mottak av to nye fraksjonar farleg avfall. Vidare er det søkt om å endra krav for lagring på tank og vask av køyretøy.

Uttale kan sendast til Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til sfropost@statsforvalteren.no innan 12.04.2021.

Sjå høyringsbrev og søknad i vedlegga til denne nettsaka.