Spesialhelsetenesta
Statsforvaltaren i Rogaland opprettar tilsyn etter dødsfall ved Stavanger universitetssjukehus
Bakgrunnen er at eit barn døydde under tannbehandling i narkose denne veka. Helsetilsynet ber Statsforvaltaren i Rogaland om å vurdera vidare tilsyn etter den alvorlege hendinga.
Publisert 25.09.2018
Med mål om likeverdig tilbod – pakkeforløp for psykisk helse og rus
Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.
Publisert 03.09.2018
Pasientar får meir medhald i klager på vedtak om tvangsmedisinering i psykiatrien etter lovendring
Frå 1. september 2017 blei reglane om tvang endra. Formålet er mindre og riktig bruk av tvang. Pasientar med alvorlege sinnslidingar, som sjølv kan ta stilling til helsehjelpa, kan no nekte helsehjelp dersom dette ikkje fører med seg nærliggande alvorleg fare for eige liv eller for livet eller helsa til andre.
Publisert 15.12.2017
Ny lovendring styrker barn sine rettar som pasientar
Frå 01.01.2018 blir barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken.
Publisert 24.02.2016
Godkjenning for sterilisering
Steriliseringslova har krav om at verksemder som tilbyr sterilisering utanfor offentlege sjukehus skal ha godkjenning frå Fylkesmannen.
Publisert 30.11.2015
Nasonal helse- og sykehusplan
Regjeringa har lagt fram Nasjonal helse- og sykehusplan (2016-2019). Planen er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid for å skape pasienten si helseteneste. Nasjonal helse- og sykehusplan skal sikre trygge sjukehus og betre helsetenester, uansett kor du bur. Nasjonal helse- og sykehusplan gjeld for perioden 2016-2019, men omtalar og drøftar utviklingstrekk fram mot 2040.
Publisert 30.11.2015
Medikamentfri behandling for psykiske lidingar
Før 1. juni 2016 skal alle regionale helseforetak ha etablert tilbod om medikamentfri behandling for pasientar i det psykiske helsevernet.
Publisert 02.05.2014
Nytt verktøy for godt lokalt psykisk helse- og rusarbeid
Helsedirektoratet har publisert "Sammen om mestring", ein rettleiar for lokalt psykisk helse- og rusarbeid. Formålet med rettleiaren er å synliggjøre brukerane sine behov og understøtte det lokale psykiske helsearbeid og rusarbeidet for vaksne. Rettleiaren retter seg og mot dei distriktspsykiatriske senterane (DPS) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Med rettleiaren ynskjer Helsedirektoratet å klargjere nasjonale forventningar og stimulera til vidareutvikling og forbetring av tenestetilbodet.