Forsøk med statlege midlar for finansiering av omsorgstenester
I 2016 startar eit forsøk med statlege kriterier for tildeling av tenester og finansiering av omsorgstenester. Alle kommunar blir inviterte til å søke om å delta i forsøket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 20.07.2015
Kommunar som blir med i prosjektet får høve til å påvirke morgondagens omsorgstenester, og bidra til å skape meir einskap og kvalitet i tildelinga av omsorgstenester. Forsøket omfattar alle omsorgstenester og brukargrupper.
Frist for å søke er 1.desember 2015.
Les meir på nettsidene til Helsedirektoratet: Forsøk med statlige midler for finansiering av omsorgstjenester