Tilskot til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester og barn og unge med samansette hjelpebehov.
Helsedirektoratet har kunngjort tilskotordninga «Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester og barn og unge med samansette hjelpebehov» over Statsbudsjettet 765.60 for 2017. Ordninga skal styrkje tilbodet til menneske med langvarige og samansette tenestebehov gjennom å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar. Ordninga skal også føre til utvikling av heilskaplege og samtidige tilbod til utsette barn og unge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søknads- og rapporteringsfristar:
· Søknadsfrist for ordninga er 1. februar 2017.
· Frist for rapportering for tilskot mottekene i 2016 er sett til same dato.
Ordninga blir kunngjord med atterhald om Stortingets behandling av forslag til Statsbudsjett 2017 (Prop.1 S (2016-2017) Helse- og omsorgsdepartementet.
Meir informasjon om tilskotsordninga, søknads og rapporteringsskjema finn du på Helsedirktoratet si nettside
Søknad og rapportering sendast med e-post til fmropost@fylkesmannen.no