Informasjon om tilskott til implementering av velferdsteknologi 2017-2020

Nasjonalt program for velferdsteknologi går over i innføringsfase for tryggheits- og meistringsteknologi og inviterer derfor fleire kommunar med.

Nasjonalt program for velferdsteknologi ynskjer å stimulera til kommunesamarbeid og aktive regionale nettverk. Vi oppfordrar derfor enkeltkommunar som vil å medverke i dette arbeidet, til å etablera samarbeid med andre kommunar om implementering av velferdsteknologi i forkant av søknad på denne utlysninga. Det nasjonale programmet er kjent med at det allerede er etablert ulike samarbeidskonstellasjonar mellom kommunar i og på tvers av fylkesgrenser, noko det vil være en styrke å bygge vidare på.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2017

Sidan 2013 har ei rekkje kommunar i regi av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet prøvd ut tryggheits- og meistringsteknologi og arbeida med omstilling av helse- og omsorgstenestene. Dei har medverka til utvikling av verktøy og metodar som nye kommunar kan dra nytte av for at implementeringsarbeidet blir lettare.

Formelle krav til søknaden sitt innhald står i regelverket. Budsjetta må speile korleis tilskottssmidla er tenkt brukt og fordelt mellom dei ulike samarbeidande kommunane. Det må føreligge samarbeidsavtalar mellom kommuane på søknadstidspunktet. Søknaden må vere forankra på rådmannsnivå i alle kommunane som deltek i søknaden og velferdsteknologi må vere eit satsningsområde.

Samarbeidsprosjekter som tas opp i programmet må basere seg på ein eller fleire av dei anbefalte teknologiområda frå Velferdsteknologiprogrammet.

Dette er:

  • Varslings- og lokaliseringsløysinger
  • Elektronisk medisineringsstøtte
  • Elektroniske dørlåsar
  • Digitalt tilsyn (utvida tryggheitsalarm med sensorar som og kan inkludera kamera)
  • Oppgradert sjukesignalanlegg/pasientvarslingssystem
  • Logistikkløysing for meir optimale kjøreruter og betre kvalitet på tenester

Sjå meir her:

https://helsedirektoratet.no/velferdsteknologi

Kommunar som har delteke i denne utprøvinga så langt i programmet, vil stå til rådvelde som ressurskommunar for dei nye prosjekta som vert teke opp i programmet for regional spreiiing 2017-2020. Dei vil bidra med erfaringar frå eigne prosjekt samt vegleie i metodar og verktøy i samband med naudsynt endringsarbeid. Ressurskommunar er ikkje hindra frå å vere søkarkommune på vegne av sin «region» om dette fell naturleg.

Lenkje til tilskottsordninga:

https://helsedirektoratet.no/tilskudd/omsorgsplan-2020-innforing-av-velferdsteknologiske-losninger

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.