Kva for tilsynsansvar har kommunen ved busetting av einslege mindreårige?
Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar skal vurdere behova til kvar enkelt og tilby eigna butiltak ut frå dette. Kommunen skal etablere ordningar for tilsyn og internkontroll.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er opp til kvar kommune å vurdere korleis ein vil forankre og organisere bu- og omsorgsansvaret for einslege mindreårige.
Fylkesmannen fører tilsyn, dersom...
Fylkesmannen skal etter barnevernlova føre tilsyn med barnevernsinstitusjonar. Dersom eit butiltak ikkje er godkjent som barnevernsinstitusjon av Bufetat, skal ikkje Fylkesmannen føre tilsyn og rettigheitsforskrifta gjeld ikkje. Det betyr at butiltaket ikkje kan bruke tvang overfor bebuarane etter rettigheitsforskrifta.
Det er opp til kommunen å etablere fagleg forsvarlege ordningar for tilsyn.
Meir informasjon
Meir informasjon om arbeid med einslege mindreårige flytningar og asylsøkarar finn du under lenkesamlinga til denne nettsaka.