Mestring, samhørighet og håp

Ny revidert versjon av rettleiar for psykososiale tiltak ved krisar, ulukker og katastrofar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.05.2016

Helsedirektoratet har utgitt ei ny og revidert utgåve av rettleiar for psykososiale tiltak ved krisar, ulukker og katastrofar. Denne avløysar rettleiaren frå 2011 (IS-1810)

Rettleiaren skildrar og tydeleggjer kommunane sitt ansvar og pliktar ved krisar, ulukker og katastrofar. Den gir råd om korleis kommunen kan planleggje og organisere den psykososiale oppfølginga si i samarbeid med andre aktørar, brukar og pårøranderepresentantar, frivillige organisasjonar m.fl. Psykososiale kriseteam blir særleg omtalt.

Målgruppa for rettleiaren er  leiarar,  helse  - og omsorgspersonell i kommunane, og spesialisthelsetenesta, som hjelper menneske som har vore utsett for potensielt psykologiske traumatiserande hendingar, deira pårørande og attlevande.

 

Les meir og last ned rettleiaren her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.