Ny søknadsfrist for lønstilskot til avansert klinisk sjukepleie i kommunane – Kapittel 762 post 63
Helsestyresmaktene har avgjort at fristen for kommunane til å søkje om lønstilskot for å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie på mastergradnivå skal utvidast til 1. november 2015.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.10.2015
Det er også høve til å kunne søkje lønstilskot for heile 2015, ikkje berre for hausten 2015 slik det tidligare er annonsert.
Vi viser til ny kunngjering og informasjon på Helsedirektoratet sine heimesider for meir informasjon om endringa og for å søkje.