Lovlegkontroll: Statsforvaltaren opphevar vedtak frå Klepp kommune om avslag på søknader om kulturstønad for fem foreiningar
Statsforvaltaren i Rogaland har etter lovlegkontroll oppheva fem vedtak fatta i klagenemnda 13. mars 2023. Vedtaka stadfesta kommunens tidlegare avslag på søknader om driftstilskot frå fem kristne foreiningar.
Klagesakene blei behandla etter kommunens eigne retningslinjer for tildeling av slik stønad. Statsforvaltaren har konkludert med at sakene ikkje var forsvarleg faktisk og rettsleg utgreidde i forkant av klagenemnda si behandling.
Klagenemnda stadfesta avslag
Klagenemnda i Klepp kommune vedtok 13. mars 2023 å stadfeste hovudutval for samfunn og kultur sine avslag på søknader om kulturstøtte frå Fokus hverdagsmenighet, Klepp kristelige ungdomsforening, Bedehuset Betania, Ungdomsgruppa Bore bedehus og Orre Yngreslag.
Krav om lovlegkontroll
Seks kommunestyremedlemmer kravde lovlegkontroll av vedtaka. Kravstillarane meinte mellom anna at kommunen sine vedtak var i strid med forbodet mot diskriminering og at foreiningane som fekk avslag hadde blitt utsett for ulovleg forskjellsbehandling.
Dei juridiske vurderingane mangelfulle
Eit sentralt spørsmål i lovlegkontrollprøvinga var om kommunen i forsvarleg utstrekning hadde vurdert og drøfta sine menneskerettslege forpliktingar ved bruk av retningslinjene, spesielt knytt til likestillings- og diskrimineringslovgivinga. Statsforvaltaren fant at dei juridiske vurderingane var mangelfulle. Vidare var relevante faktiske forhold ikkje tilstrekkeleg opplyst. Dette resulterte i at klagenemnda ikkje hadde eit forsvarleg grunnlag for å treffe vedtak i sakene.
Opphevar dei ugyldige vedtaka
Statsforvaltaren konkluderte vidare med at konsekvensen av saksbehandlingsfeila var at dei aktuelle vedtaka i klagenemnda var ugyldige. Vedtaka blei derfor oppheva etter kommunelova § 27-3 fjerde avsnitt.
Saka er sendt tilbake til kommunen for ny behandling.