Kronprinsen besøker Karmøy 7. mars

PRESSEINFORMASJON: Kronprinsen besøker store norske bedrifter for å sjå korleis dei jobbar - ikkje minst med tanke på grøn omstilling. 7. mars er det teknologipiloten til Hydro Aluminium og fôrprodusenten BioMar som står på programmet. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.02.2018

BioMar er den første bedrifta innan norsk havbruk som blei bærekraftsertifisert. I haust opna fabrikken på Karmøy ei ny produksjonslinje som aukar produksjonen til havbruksnæringa med 140 000 tonn, til totalt 340 000 tonn årleg.

Hydro sette i år i drift verdas mest klima- og energieffektive produksjonsteknologi for aluminium.

Grundig innføring

Teknologipiloten på Karmøy er eit testanlegg i industriell skala. Ambisjonen er å kutta energiforbruket med rundt 15 prosent per kilo produsert aluminium, og med dei lågaste CO2-utsleppa i verda. Norge er verdsleiande innan metallurgi, og teknologipiloten er eit godt døme på samspelet mellom industri, akademia og politikk i utviklinga av grøn teknologi.

Kronprinsen kjem til Hydro Aluminium Karmøy kl. 09.30 på eit tretimars besøk. Ønsket er å bli sett grundig inn i drifta ved fabrikken generelt, og teknologipiloten spesielt. Kronprinsen blir tatt imot og orientert av konserndirektør Hilde Merete Aasheim.

Frå aluminium til fiskefôr

Etter besøket hos Hydro Aluminium drar Kronprinsen vidare til BioMar sitt produksjonsanlegg på Husøy. Her blir han tatt imot av administrerande direktør Jan Sverre Røsstad. Kronprinsen kjem til BioMar om lag kl. 12.45.

Akkreditering

Presse som ønsker å dekka besøka, sender snarast ein e-post med namn og kontaktinformasjon (e-post og mobil) til journalist/fotograf til John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland. Frist: fredag 2. mars kl. 15.00.

NB! Redaksjonen må opplysa om det er Hydro Aluminium Karmøy eller Biomar de vil delta på – ev. begge bedriftene. Dette er viktig grunna registrering av besøkande ved bedriftene.

Meir informasjon

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.