Utsett og tidleg skolestart
Lovgivar har bestemt at det beste for barn er å byrje på skolen det året dei blir 6 år (jf. opplæringslova § 2-2 fyrste ledd). Nokre barn har forsinka utvikling, og foreldra ynskjer utsett skolestart. Nokre barn er komne så langt i utviklinga, at foreldra meiner det beste for barnet er å byrje på skolen eit år tidlegare. Kva er reglane?
Utsett og tidleg skolestart
Opplæringslova § 2-4 regulerer utsett og tidleg skolestart. Utsett og tidleg skolestart føreset søknad frå foreldra, eventuelt at dei samtykkjer dersom kommunen tek initiativ til slike vedtak.
Utsett skolestart
Nokre elevar har forsinka utvikling, og foreldra ynskjer meir tid til modning før dei byrjar på skolen. I lova står:
Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og det etter ei sakkunnig vurdering er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør byrje på skolen det året barnet fyller seks år.
Vilkår for rett til utsett skolestart er at barnet har forsinka utvikling. Dette må være stadfesta av sakkunnig vurdering frå PPT. I lova står at det er nok at det er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si, til at det bør byrje på skolen, året det fyller seks år. Stadfester PPT forsinka utvikling, er det ein rett for elev og foreldre å få utsett skolestart. Eleven har då rett til å få byrje på skolen det året barnet fyller sju år, viss foreldra søkjer om utsett skolestart, eller samtykker på anna vis.
Kommunen må fatte vedtak og innvilge søknad om utsett skulestart, når ein elev innfrir vilkåret. Utsett skolestart er ein rettighet etter opplæringslova, for barn med forsinka utvikling. Lovgiver har sagt at terskel for å få utsett skolestart skal ligge lågt. Dette heng saman med at skulestart blei seinka for alle barn i Norge i 1997, frå sju til seks år. Da sa lovgiver at det skulle vere opning for at barn med forsinka utvikling, framleis skulle få starte på skolen det året dei fyller sju år.
Tidleg skulestart
Nokre barn er komne så langt i utviklinga si allereie som 4- og 5-åringar, at foreldra meiner det vil vere til det beste for barnet å få byrje på skolen tidlegare enn det året dei fyller seks år. I forarbeidene står at tidlegare skolestart først og fremst er aktuelt der det er klart at barnet har faglege og sosiale føresetnader for å byrje på skolen, og at det vil hindre utviklinga til barnet å vente med å byrje på skolen til barnet er seks år.
Opplæringslova § 2-1 gir høve til dette, men visse vilkår må vere oppfylte. I lova står:
Kommunen kan la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg.
Eit vilkår for tidleg skulestart er at sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet er tilstrekkeleg modent og at tidleg skulestart er forsvarleg. Eleven må få seie si meining og medverke i avgjersla, sjå §§ 10-1 og 10-2.
Eit anna vilkår er at kommunen tillet å la barnet byrje på skolen. Kommunen kan velje å avslå ein søknad frå foreldra om tidleg skulestart, trass i at PPT tilrår dette. Dette kan kommunen gjere, så lenge dei behandlar like tilfelle likt, og elles følgjer forvaltningsrettslege reglar for korrekt sakshandsaming. Kommunen må fatte eit vedtak, det gjeld anten søknaden blir innvilga eller avslått. Terskelen for å få innvilga tidleg skulestart skal ligge høgt, og er ein kan-avgjersle etter opplæringslova. Det er ingen rettighet for ein elev å få innvilga i kommunen.
Høve til å klage på vedtak
Når det blir fatta eit vedtak, har foreldre høve til å klage på vedtaket. Klagen vert send til kommunen som har fatta vedtaket. Dersom kommunen vel å ikkje gjere om vedtaket, går klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.
Elevar med stort læringspotensial
Omsynet til ein elev med stort læringspotensial, kan tilseie at hen kan «hoppe over» trinn i løpet av grunnskolen. Det betyr at eleven kan gjennomføre grunnskolen på kortare tid enn ti år (jf. § 2-2 med forarbeid). Det er eit vilkår at PPT i sakkunnig vurdering tilrår slikt fritak frå opplæringsplikta. Kommunen må fatte vedtak etter søknad, om slikt fritak frå opplæringsplikta.
For meir informasjon: https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/veileder--tilrettelegging-for-barn-og-elever-med-stort-laringspotensial/.
Regelverket for nykomne elevar
Barn i opplæringspliktig alder har rett og plikt til grunnskoleopplæring, når det er sannsynleg at dei skal være i Norge i meir enn tre månader. Kommunen har ansvar for grunnskoleopplæring til alle som er busett, eller oppheld seg i kommunen. Opplæringa skal starte så raskt som mogleg.
Det er høve til å la nykomne elevar frå språklege minoritetar byrje på klassetrinn lågare enn sitt aldersnivå. Kommunen kan gjere dette etter ei konkret vurdering, som viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn. Det står i opplæringslova § 2-1.
For meir informasjon: Regelverk for nyankomne elever og voksne | udir.no.