Fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk

Elevar i videregåande opplæring i studieførebuande utdanningsprogram som er hardt ramma av dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget, kan søkje om fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk.

Publisert 31.05.2024

Lovheimel for dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter er forskrift til opplæringslova § 23-1 og forskrift til privatskulelova § 3-45. Statsforvaltaren er delegert myndigheit til å gi dispensasjon gjennom instruks for behandling av søknader om dispensasjon for vurdering i fremmedspråk. Dispensasjonen gjeld ikkje for faget engelsk.

Kva det inneber å få innvilga dispensasjon

Ein dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk inneber at:

  • Dispensasjonen gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering, og eleven skal ikkje vere med i eksamenstrekket for framandspråket.
  • Eleven skal ha opplæring i faget, i tillegg til halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.
  • Om eleven har fått standpunktkarakter i faget, skal skuleeigar stryka denne.
  • Om eksamen i faget er gjennomført før dispensasjonen vert innvilga, skal eksamen annullerast. Då må eleven søkje Statsforvaltaren i Rogaland om dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar på vitnemålet.
  • På vitnemålet skal skulen føre FAM02 (fritatt frå vurdering med karakter).

For å få innvilga dispensasjon, må desse vilkåra vere oppfylte

  • Personen er eller har vært elev i videregående opplæring – studieforberedende utdanningsprogram
  • Personen er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar at særskild tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg for å sikre likeverdig opplæring. Det kan gjerast individuelle vurderingar også ved andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.

Kva er særskild tilrettelegging?

Særskild tilrettelegging vil seie at skolen har prøvd ut ulike tiltak for eleven i faget. Ein elev med stort behov for tilrettelegging har rett til spesialundervisning.

Det betyr at du enten må ha

  • vedtak om spesialundervisning i framandspråk frå ungdomsskolen og/eller vidaregåande opplæring fordi du er så sterkt ramma av dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.
  • ei uttale frå sakkunnige om at det er openbart at tiltak gjennom spesialundervisning i framandspråk ikkje vil føre til at du får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa fordi du er så sterkt ramma av dysleksi, spesifikke språkvanskar eller liknande.

Kva inneber uttale frå sakkunnige?

Det er PPT for vidaregåande som kan vurdere rett eller ikkje rett til spesialundervisning i vidaregåande skole. Uttale frå sakkunnig vil berre vere aktuelt i dei tilfella kor eleven er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar eller liknande at det ikkje er vits å setje i verk spesialundervisning.

Krav til dokumentasjon i søknad

  • Stadfesting frå skulen om at du er eller har vært elev i studieførebuande utdanningsprogram ved skulen.
  • Dokumentasjon frå eleven sin skole om tilrettelegginga som eleven har fått.
  • Sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste eller andre sakkunnige om at du har dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget, og graden av desse vanskane.
  • Vedtak/fråsegn om spesialundervisning i framandspråk, eller ei uttale frå sakkunnige om at det er openbart at tiltak gjennom spesialundervisning i framandspråk ikkje vil føre til at du får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa.

Eleven søkjer sjølv til Statsforvaltaren om dispensasjon.

Utdanningsdirektoratet er klageinstans.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.