Privat grunnskuleopplæring i heimen
Skuleåret 2023/2024 var det 25 barn i Rogaland som fekk privat heimeopplæring. Denne opplæringa inneber at foreldra sjølve underviser barna sine heime. Kommunane har plikt til å føre tilsyn med at heimeopplæringa er tilsvarande som opplæring gitt i den offentlege skulen.
Privat grunnskuleopplæring i heimen er regulert i opplæringslova
Etter opplæringslova §§ 2-1 og 2-2 har alle barn og unge rett og plikt til grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinn. Privat grunnskuleopplæring er ein av fleire måtar å innfri opplæringsplikta på.
Privat grunnskuleopplæring i heimen er regulert i opplæringslova § 22-5. Kommunane har plikt til å føre tilsyn med at opplæringa er tilsvarande som opplæring gitt i den offentlege skulen.
Foreldre må melde frå til kommunen
Foreldre har plikt til å melde frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskuleopplæring i heimen.
Krav til privat grunnskuleopplæring i heimen
Barn og unge som får grunnskuleopplæringa i heimen har rett til å tileigne seg tilsvarande kunnskap som i den offentlege skulen. Privat grunnskuleopplæring er omfatta av same reglar, når det gjeld føremål og innhald, som opplæringa i den offentlege grunnskulen. Det betyr at læreplanverket, Læreplan for Kunnskapsløftet, skal bli følgt.
Foreldra treng ikkje ha lærarkompetanse, men dei må ha nødvendige føresetnader for å drive opplæring. Det er opp til kommunane å avgjere gjennom tilsyn, om foreldra er tilstrekkeleg kvalifiserte.
Tilsyn
Kommunen skal føre tilsyn med at den private grunnskuleopplæringa i heimen oppfyller krava i § 22-5 andre ledd.
Når kommunen får melding frå foreldre om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til.
Kommunen kan krevje at barn som får privat grunnskuleopplæring i heimen, tar prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.
Kjem kommunen fram til at opplæringa i heimen ikkje er tilsvarande den grunnskuleopplæringa som blir gitt i offentlege skular, skal barnet gå på skulen jf. § 22-5 fjerde ledd.
Samarbeid mellom foreldra og kommunen
Tilsynet skal skje i samarbeid med foreldra. Foreldra har plikt til å samarbeide med kommunen på ein slik måte at det blir mogleg å gjennomføre tilsyn. Om dette ikkje er tilfelle, kan kommunen krevje at barnet skal gå i den offentlege skulen eller på ein privat grunnskule.
Kontaktpersonar
-
Astrid Løvås Pundsnes
Tlf: 51 56 88 81 -
Inger Lønning
Tlf: 51 56 87 83 -
Gina Løland
Tlf: 51 56 88 10