Kva gjer PPT?

PPT står for pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste.  PPT skal hjelpe slik at alle har eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. Kvar kommune og fylkeskommunen skal ha ei slik teneste.

PPT sitt mandat er heimla i opplæringslova § 11-13, barnehagelova § 33 og privatskolelova § 3-6.

Publisert 23.09.2024

Kven skal PPT hjelpe?

  • Barn
  • Elevar
  • Lærlingar
  • Praksisbrevkandidatar
  • Vaksne med behov for særskild tilrettelegging

Særskilte behov

Dei som treng hjelp frå PPT er ikkje ei eins gruppe. Det er ikkje naudsynt med ein diagnose. Det kan til dømes vere

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Syn- eller vanskar med høyrsel
  • Generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • Matematikkvanskar
  • Nonverbale lærevanskar

PPT skal sikre at barn/elev får uttale seg om forhold som gjeld dei, jf. Barnekonvensjonen artikkel 12. PPT må gjere ei barnets-beste-vurdering jf. Barnekonvensjonen artikkel 3 og elles handle i samsvar med Norges menneskerettslege plikter til dømes etter Konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne CRPD.

System- og individretta arbeidsoppgåver

Alle barn og elvar har krav på eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. PP-tenesta jobber både førebyggjande og med tidleg innsats. I tillegg til å skrive sakkunnige vurderingar for einskildpersonar, skal PPT hjelpe barnehagar og skolar med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Dette skal bidra til å auke kompetansen i barnehagane og skolane, slik at dei betre kan tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter forutsetningane til alle barn og elevar.

Kommunen eller fylkeskommunen melder behov til PPT

Gjeld meldinga til PP-tenesta behov for vurdering av rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, eller rett til individuelt tilrettelagt opplæring i skolen, er det kommunen/eigar eller fylkeskommunen (i praksis barnehagen eller skolen), som sender melding til PP-tenesta.  Elev/føresette må samtykke til meldinga.

Føresette/elev kan sjølv sende tilvising til PPT, ved opplevd behov for sakkunnig vurdering. Dei fleste kommunar og fylkeskommunen har skjema for tilvising liggande på nett. Ein kan ta kontakt med PPT for råd og rettleiing. Det er mulig å drøfte ei bekymring med PPT anonymt, før ei eventuell tilvising.

Sakkunnig vurdering

Før kommunen/fylkeskommunen kan fatte vedtak om rett til individuelt tilrettelagt opplæring/spesialpedagogisk hjelp, må det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

Vurderinga skal greie ut og ta stilling til om personen har behov for individuelt tilrettelagt opplæring/spesialpedagogisk hjelp.

Sakkunnig vurdering etter opplæringslova (§ 11-8) skal greie ut og ta standpunkt til:

  1. eleven sitt utbytte av opplæringa
  2. kvifor eleven eventuelt ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av opplæringa
  3. kva som er realistiske opplæringsmål for eleven
  4. kva tiltak som kan gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa
  5. kva kompetanse dei som skal gi opplæringa, bør ha, dersom det skal gjerast unntak frå kompetansekrava etter § 11-9 andre eller tredje ledd

Sakkunnig vurdering etter barnehagelova (§ 34) skal greie ut og ta standpunkt til:

  1. om det foreligger sen utvikling og lærevansker hos barnet
  2. realistiske mål for barnets utvikling og læring
  3. om barnets behov kan avhjelpes innenfor det ordinære barnehagetilbudet
  4. hvilken type hjelp og organisering som vil bidra til barnets utvikling og læring
  5. hvilket omfang av spesialpedagogisk hjelp som er nødvendig, og hvilken kompetanse de som gir hjelpen bør ha

Du kan lese meir om PPT på Udir sine sider

PP-tjenesten (PPT) | udir.no

§ 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste | udir.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.