Utlysing av tilretteleggingsmidlar for 2024/2025 for barnehagelærarstudentar på ABLU og deltidsstudie
Samarbeidsforum i Rogaland har gitt Statsforvaltaren i Rogaland fullmakt til å fordele tilretteleggingsmidlar for studieåret 2024/2025. Dette er ein del av regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage.
Samarbeidsforum har satt av kr 7 250 000 til formålet.
Prioriterte studium i denne ordninga
- Studentar på 4. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
- Studentar på 3. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
- Studentar på 2. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
- Studentar på 1. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
Tilsette i barnehagar som har fått midlar i 2023/2024 skal bli prioriterte i heile utdanningsløpet. Barnehageeigar må søkje om midlar kvart år på vegne av eigne tilsette, sjølv om dei tilsette er prioriterte.
Kriteria for å kunne søke om midlar
- Den tilsette skal ha studieplass, eller søkt om studieplass, ved dei prioriterte studia
- Den tilsette skal ha minimum 50% fast arbeidsforhold i barnehage i Rogaland
- Dersom den tilsette er tilsett i fleire barnehagar, må det bli avklart lokalt korleis midla skal bli fordelte mellom barnehagane
- De kan søke om inntil kr. 50 000 per student og for maks 2 tilsette per barnehage
Barnehageeigar søker om midlar på dette søknadsskjemaet. Frist for å sende inn søknad er 31. august 2024.
Midlane blir betalt ut til barnehagemynde i dei respektive kommunane som fordeler midla vidare til eigar. Utbetalinga på kr. 50 000 gjeld for heile studieåret 2024/2025. Midlane blir utbetalte i løpet av september/oktober 2024.
Sjå fullstendig utlysning i brev til kommunane i menyen til høgre.