Rett til barnehageplass
Barnehagelova gir kommunane plikt til å tilby plass i barnehage til barn som er busette i kommunen. Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass.
Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass frå august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født. Barn født i desember har først krav på barnehageplass i august året etter. Retten til barnehageplass følgjer av barnehagelova § 16.
Opptak i barnehage – kommunen sitt ansvar
Kommunen har ansvar for å oppfylle retten til barnehageplass. Når kommunen legger til rette for barnehageplasser, må kommunen ta omsyn til tilflytting, brukarene sine ønsker og behovet for plass til barn over og under tre år.
Alle godkjende barnehagar i kommunen skal samarbeide om opptak av barn. Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess, der ein tek omsyn til mangfaldet og eigenarten til barnehagane. Brukarane sine ønske og behov skal leggjast vekt på i opptaket. Ved ein samordna opptaksprosess skal ein sikre lik handsaming av barn og av kommunale og private barnehagar.
Prioritet ved opptak
Barn med nedsett funksjonsevne og barn med vedtak etter barnevernslova, har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Det skal utarbeidast ei sakkunnig vurdering for å vurdere om barnet har nedsett funksjonsevne. Retten til prioritet følgjer av barnehagelova § 18 og § 3a i forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage Prioriteringsretten inneber barnet går før andre søkjarar ved tildeling av plass i den enkelte barnehage. Kommunen har ansvaret for at barn med rett til prioritet får plass i barnehage.
Vedtekter
Vedtektene for barnehagane skal gi opplysningar om opptakskriteria. Desse skal være konkrete, objektive og som kan etterprøvast slik at det er råd å vurdere om barnehageplassane er tildelte etter dei.
Tildeling av plass
alle som har søkt innan fristen skal få skriftleg vedtak om tildeling av plass. Vedtaket skal innehalde grunngjeving, informasjon om retten til å klage og klagefrist, jf. forskrift om saksbehandlingsreglar
Klage på avslag
Søkjar som får avslag på søknad om barnehageplass og søkjar som verken får første eller andre ønske om barnehageplass oppfylt, kan klage. Kommunens klageorgan er klageinstans. Dei som vil klage, må sende klagen skriftleg til kommunen.
Forskrift om foreldrebetaling i barnehage
Foreldrebetaling for ein plass i barnehage skal ikkje vere høgare enn ei maksimalgrense. Maksimalgrensa blir fastsett i Stortingets årlege budsjettvedtak. Betaling for kost kan komme i tillegg. Kommunen skal informera om foreldrebetaling for barnehageplass på sine nettsider.
Reduksjon i foreldrebetaling
Reglane for reduksjon i foreldrebetalinga og gratis kjernetid følgjer av Forskrift om foreldrebetaling i barnehage. For dei med fleire enn eit barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørgje for at du får søskenmoderasjon. Når maksprisen er høgare enn 6 prosent av samla inntekt til familien, skal ein ha reduksjon i pris. Dette kan også være aktuelt dersom nokon får ei varig nedgang i inntekta i løpet av året. Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon om reduksjon og gratis kjernetid. Det er klagerett til Statsforvalteren på kommunen si avgjerd.
Kontaktpersonar
-
Mette Sømme
Tlf: 51 56 87 35