Barnehage og opplæring

Oppdatert 13.08.2024

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Dei som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring varer fram til du har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Dette er nye reglar som gjeld frå 1. august 2024 når ny opplæringslov trer i kraft. Det er fylkeskommunen som har ansvar for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


03.03.2025

Opplæring i barnevernsinstitusjonar

Barn og unge som bur i ein barnevernsinstitusjon, har same rett til opplæring som andre elevar. Opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, inkludert fag- og timefordelinga og opplæring i kompetansemåla i alle fag, jf. opplæringsforskrifta kap. 1. Elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal ha det same totale timetalet som andre elevar.


21.02.2025

Alvorleg skolefråvær

Mange barn og unge vegrar seg mot å gå på skolen. Årsakene kan vere mange og samansette. Det kan vere at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, eller at skolen ikkje legg opplæringa godt nok til rette for eleven. I nokre tilfelle kan vegringa skuldast forhold hos eleven sjølv, i heimen eller i nærmiljøet til eleven.


07.02.2025

Skulemiljøsaker hos Statsforvaltaren i 2024

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø, og for å ivareta denne retten har skulane ei aktivitetsplikt. Elevar og føresette kan melde ifrå til Statsforvaltaren dersom dei opplever at skulen ikkje gjer nok for at eleven skal få det trygt og godt. I 2024 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 209 meldingar om dette. 


17.01.2025

Resultater fra Elevundersøkelsen 2024 - 2025

Rogaland har også i år en lavere andel elever som oppgir å bli mobbet på skolen sammenlignet med landssnittet. På flere trinn har også andelen sunket, selv om tallene fremdeles er betydelig høyere enn de var for fem år siden.  

 


20.12.2024

Lærermangel i grunnskolen

Over 93 prosent av undervisningsårsverkene i grunnskolen, er gitt av lærere med godkjent utdanning. Dette er en liten nedgang fra året før, og rundt to prosentpoeng lavere enn landssnittet. Det er også stor variasjon mellom kommunene i fylket, fra 59 til 98 prosent.


19.12.2024

Kartlegging av lese- og regneferdigheter

Det er nylig publisert resulatater fra de Nasjonale prøvene, og fra en internasjonal kartlegging av voksnes lese- og regneferdigheter.


10.12.2024

Tilskudd til lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring 2025

Barnehage og skoleeiere i Rogaland kan melde behov for tilskudd til lokal kompetanseutvikling for inntil tre år innenfor disse ordningene:

  • regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage
  • desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og videregående skole
  • kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderende praksis

Frist for å melde behov er 1.februar 2025


22.11.2024

Gudsteneste i skuletida

Skular kan gjennomføre gudstenester som ein del av si generelle kultur- og tradisjonsformidling, men gudstenesta bør ikkje få karakter av semesteravslutning. 


13.11.2024

Utsett og tidleg skolestart

Lovgivar har bestemt at det beste for barn er å byrje på skolen det året dei blir 6 år (jf. opplæringslova § 2-2 fyrste ledd). Nokre barn har forsinka utvikling, og foreldra ynskjer utsett skolestart. Nokre barn er komne så langt i utviklinga, at foreldra meiner det beste for barnet er å byrje på skolen eit år tidlegare. Kva er reglane?


29.10.2024

Digital BASIL-samling

Årets BASIL-innsamling nærmer seg, og som vanlig inviterer vi til et møte i forkant. Møtet er på TEAMS torsdag 28. november kl. 10 - 11


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel