Læringsnettverk for barnevernstenestene

Oppdatert 08.04.2024

Læringsnettverk skal bidra til at kommunane samarbeider om kvalitetsutvikling med utgangspunkt i lokale forhold og behov. Eit læringsnettverk består av fleire kommunar som på tvers av kommunegrenser dannar fagfellesskap og initierer utviklingsprosjekt for å styrkje lokale tenester og tilbod retta mot utsette barn og familiar.

Målgruppa for kommunale læringsnettverk er kommuneleiinga, leiinga og tilsette i barnevernstenestene i samarbeid med Statsforvaltaren.

Stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt

Læringsnettverka kan søkje Statsforvaltaren om stimuleringsmidlar til gjennomføring av utviklingsprosjekt. Midlane kan mellom anna brukast til å dekkje delar av kommunanes kostnader til utviklingsarbeid. Dette kan til dømes vere utgifter til prosjektleiing eller oppfølging frå eksterne kompetansemiljø som kan bidra med opplæring, kvalitetssikring og evaluering.

Bufdir har utarbeidd retningslinjer som viser forventningane til arbeidet i læringsnettverka og som også gir føringar for tildeling av stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt.

Læringsnettverka kan dessutan søkje om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt som tek sikte på å styrkje kommunalt fosterheimsarbeid. Du finn meir informasjon om dette og om korleis nettverka kan søkje om stimuleringsmidlar i retningslinjene:

Læringsnettverk som søker om tilskot, må legge ved en prosjektplan. Her finn du digitalt søknadsskjema og mal for prosjektplan. 

Vis meir

Læringsnettverket for barnevernstenestene i Rogaland

På denne sida finner de informasjon om aktivitetar i regi av læringsnettverket for barnevernstenestene i Rogaland. Det vil òg fortløpande bli lagt ut informasjon om arrangement, utviklingsprosjekta og fristar for å søkje om stimuleringsmidlar til nye prosjekt.

I perioden 2018 – 2024 har regjeringa bestemd ei stor satsing på kommunal barnevernsteneste. Eit av tiltaka i regjeringas kompetansestrategi er å stimulere til etablering av lokale læringsnettverk for barnevernstenestene over heile landet. I Rogaland har vi eit nettverk der alle kommunane som ønskjer det deltek. 

Aktivitetar i læringsnettverka

Nettverket møtest to gonger årleg i samband med Statsforvaltaren sitt allereie etablerte leiarforum. Det vil sei barnevernsleiarsamlingar som blir arrangert av Sandnes kommune og Statsforvaltaren. Innhaldet i nettverkssamlingane vil bestå av fagleg påfyll og erfaringsdeling i tråd med nettverket sitt faglege fokus. Informasjon om og erfaringar gjort i utviklingsprosjekta kan delast her.

Stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt

Kvart år i prosjektperioden kan kommunane i nettverket gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å iverksette utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barnevernstenester til dei barna og familiane som treng det. Statsforvaltaren behandlar søknadane.

Tilskot for 2024 har søknadsfrist 23.05.2024.

I 2023 har Statsforvaltaren fordelt ca. kr 2 000 000,-  til fire ulike utviklingsprosjekt.

Meir informasjon og søknadsskjema blir lagt ut på https://www.statsforvalteren.no/nn/Rogaland/Tilskot/ 

Ressursgruppe

Gruppa består av representantar frå RVTS, Universitetet i Stavanger, KS, RKBU, Bufetat, KoRus Stavanger, NUBU og Statsforvaltaren. Gruppa har eit spesielt ansvar for å etablere samarbeid mellom kompetansemiljø og barnevernstenestane. Gruppa vil også kunne gi innspel på fagleg innhald i nettverksmøter og i utviklingsprosjektar. Møtest minimum to gongar årleg.

Støtte i utviklingsarbeidet

Kompetansemiljøa har ei rekkje tilbod til kommunane som samarbeider om utviklingsprosjekt, som rettleiing i prosjektarbeid og fagdag om oppstart av prosjekt.