Utgreiing sendt på høyring

Barne- og likestillingsdepartementet har til høyring ei utgreiing om korleis offentlege tenester kan og bør hjelpe barn som er utsette for vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2017

Barnevaldsutvalet har gått gjennom alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsett for grov vald, seksuelle overgrep og alvorleg omsorgsvikt. Utvalet leverte 22.06.2017 si utgreiing til barne- og likestillingsministeren – NOU 2017:12 Svikt og svik. 

Oppgåva til utvalet var å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har skjedd svikt i det offentlege tenesteapparatets handtering av desse sakene. Utvalet fekk òg i oppgåve å anbefale korleis framtidige tilfelle kan førebyggjast og hindrast. Vidare skulle dei vurdere om det bør opprettast ein fast granskingskommisjon for alvorlege barnevaldssaker.

Mellom anna er kommunane, Fylkesmannen og fleire aktuelle organisasjonar høuringsinstansar.

Høyringsfrist er 30.11.2017.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.