Bruk av politi i barnevernsinstitusjon
Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Barn me snakkar med fortel også dette.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Barnevernsinstitusjonar kan ikkje bruke politi til å løyse eigne oppgåver, men kan unntaksvis tilkalle politi for å handtere ein situasjon som har tilspissa seg. Institusjonen skal utan hinder av teieplikta gi politiet dei opplysningane som er nødvendige for at politiet på ein skånsam måte kan utføre oppgåva si.
Om ein barneverninstitusjon vurderer at det trengst hjelp frå politi og ber om dette, vil det vere opp til politiet å vurdere om dei kan hjelpe, og på kva måte. I nokre tilfelle har politiet ei eiga plikt til å gripe inn.
Under "Lenkjer" finn du rundskriv og retningslinjer som omhandlar samarbeid og hjelp frå politi i ulike situasjonar, som når barn som bur i barneverninstitusjon rømmer, oppbevarer rusmiddel eller farlege gjenstandar eller det oppstår ein akutt faresituasjon.
Om barn i barnevernsinstitusjon har hatt kontakt med politiet, skal institusjonen dokumentere hendinga og begrunne kvifor det var nødvendig med hjelp frå politi.