Betre vern for barn utsett for menneskehandel
Nye føresegner i barnevernloven gjer at barn som er i fare for å bli utsett for menneskehandel, kan bli plasserte førebels i institusjon utan samtykke frå barnet. Føremålet er å ivareta barnet sitt umiddelbare behov for vern og omsorg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.09.2012
Dei nye føresegnene trådde i kraft 1. august 2012.
Barnevernloven har ikkje tidlegarevore tilpassa menneskehandel. Dette gjeld verken for vilkår for plassering av barn eller kva for tiltak som skal kunne setjast i verk for å sikre barna vern og eit godt omsorgstilbod.